Kallskaret naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kallskaret naturreservat er ein verna geologisk førekomst over Tafjord i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Førekomsten er av granat-pyroksenitt (feilaktig kalla «eklogitt») og granatperidotitt som dannar lag i olivinstein (dunitt). Bergartane vert rekna som vakre og har høg vitskapleg verdi. Dei vert nytta som referanse for tidlegare publiserte arbeid og vert framleis forska på. Området har ein gulbrun forvitringsfarge. Ein har mellom anna utsikt mot ein høg stake eller ei nål kalla Kallen som er utforma i olivinstein og eit parti av kvit anortositt. I førhistorisk tid har det gått store fjellras ned mot Tafjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]