Kalo Dungar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalo Dungar
fjell
Kala Dunger mountain view.jpg
Utsyn ned frå Kalo Dungar
Land Flag of India.svg India
Topp Khavda i Kutch district i Gujarat
Høgd 462 m
Wikimedia Commons: Kalo Dungar

Koordinatar: 23°56′03″N 69°48′50″E Kalo Dungar ('Svartås', også skrive Kala Dunger) er det høgaste punktet i Kachch i Gujarat i India, på 462 meter. Toppen ligg 97 km frå administrasjonsstaden Bhuj og 25 km nord for næraste by, Khavda.[1][2][3]

Toppen er truleg den einaste staden ein har panoramautsikt over saltmyra Rann av Kachchh. Sidan han ligg nær grensa til Pakistan ligg det ein militærpost på toppen. Allmugen har ikkje tilgang forbi posten.[1]

Kalo Dungar er også kjend for eit rundt 400 år gammalt tempel til Dattatreja. Prestane i tempelet lager offermat (prasad) av ris som dei gjev til dei lokale sjakalane etter aarti-seremonien. Ei soge knytt til tempelet fortel at då Dattatreja var på jorda kom han til Kalo Dungar og fann ei gruppe sveltande sjakalar. Som gud kunne han gje dei kroppen sin å eta, og etter at han var blitt eten bli heil att.[1][2][3] Ei anna soge fortel at ein heilag mann, Lakkh Guru, budde her og tilbad Dattatreja. Han pleide å mata sjakalane. Ein dag då han ikkje hadde mat å gje dei skar han ein del av sin eigen kropp og gav dei til å eta. I ein annan versjon skal ein konge ha tilbydd same offer då Dattatreja i sjakalform spurte kvifor han gav sjakalar vegetarisk mat som offer når dei var kjøtetarar.[2] Også tilreisande menneske blir gjevne gratis måltid ved tempelet.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 The Black Hills (Kalo Dungar) 
  2. 2,0 2,1 2,2 The Jackals and Legend of Kalo Dungar
  3. 3,0 3,1 Anjali H. Desai, red. (2007), India Guide Gujarat, India Guide Publications 
  4. Jitaditya Narzary (2014/02/19), Kalo Dungar: Black or Blue? 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kalo Dungar