Kalsedon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalsedon

Ein slipt kalsedon-geode
Generelt
KategoriOksidmienral
Kjemisk formelSilika (silisumdioksid, SiO2)
Identifikasjon
Molekylvekt60 g / mol
FargeForskjellige
KrystallsystemTrigonal, monoklin
KløyvNei
BrotUjamn, splintrete, muslig
Mohs hardleiksskala6-7
GlansVoksaktig, glasaktig, matt, feittete, silkeaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomskinnelege
Spesifikk vekt2,59-2,61
Kjelder[1]

Kalsedon er ein særs finkorna (mikro- til kryptokrystallinsk) varietet av kvarts med fibrig tekstur. Mineralet har voksaktig glans og vanlegvis gråleg farge, men det finst fleire fargetypar som blir brukt som edelsteinar, mellom anna karneol og sarder som er raudlege, krysopras og plasma som er grøne og heliotrop (blodstein) som er grøn med blodraude flekker. Agat er eit banda variant av kalsedon, likeeins onyks og sardonyks, som har parallelle band (brukast til kaméar). Jaspis, flint, chert og prasem er nærskyld med kalsedon, men er meir urein og har korna tekstur. Kalsedon-mineral opptrer særleg i holrom i sedimentære bergartar og i lavaer.

Kniv laga i kalsedon omkr. år 1000

Mineralet er oppkalla etter byen Khalkedon i Tyrkia.

I Noreg er det mellom anna kjent frå kalkstein i området BrevikPorsgrunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rudolf Duda and Lubos Rejl: Minerals of the World (Arch Cape Press, 1990)
  • Ivar Oftedal (1960): Steiner i farger
  • «Kalsedon». Store norske leksikon. 26. februar 2013. Henta 14. februar 2014.