Kalvehøgde

Koordinatar: 61°23′35″N 8°37′10″E / 61.39306°N 8.61944°E / 61.39306; 8.61944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store Kalvehøgde
fjell
Kalvehøgde, september 2005
Land  Noreg
Område Vang, Vågå (Innlandet)
Fjellkjede Jotunheimen
Høgd 2 208 moh.
Primærfaktor 530 m
Lettast tilkomst Til fots eller på ski
Førstestiging 1820 (Balthazar Mathias Keilhau,
Peter Christian Bianco Boeck)
Koordinatar 61°23′35″N 8°37′10″E / 61.39306°N 8.61944°E / 61.39306; 8.61944
Kart
Kalvehøgde
61°23′35″N 8°37′10″E / 61.393055555556°N 8.6194444444444°E / 61.393055555556; 8.6194444444444

Kalvehøgde er eit 10 km lang massiv i den sørlegaste delen av Jotunheimen og ligg i Vang og Vågå kommune i Innlandet. Fjellet er det høgaste i Vang kommune. Den nordlege delen av massivet ligg i Jotunheimen nasjonalpark. Massivet stig slakt opp frå innsjøen Bygdin, og endar i ein særs bratt vegg i nord. Veggen er mellom 500 og 700 meter høg. På nordsida av massivet er det fleire isbrear med Leirungsbrean som den største. På sørsida er det to mindre brear, Kalveholobrean. Alle breane er i tilbakegang dei siste åra.

Det austlege Kalvehøgde og vestveggen sett frå Mugna.

Massivet består av ti toppar på over 2000 meter, men den nordvestlagste (i føregrunnen på bilete til høgre) og dei to austelgaste (ikkje synlege) vert normalt rekna som sjølvstendige fjell. Primærfaktoren til dei fleste av desse toppane er mindre enn 100 m og det meste av massivet er ein vid rygg eller eit platå som er populært blant skigåarar. Store Kalvehøgde er det høgaste og mest markante av desse med ei høgd på 2208 moh og ein primærfaktor på 530 meter. Austre Kalvehøgde er det einaste andre av toppan med ein primærfaktor over 50 meter. Det har ei høgd på 2178 meter over havet.

Fjellet ligg nær riksveg 51 og er noko av årsaka til at fjellet er av dei mest vitja i Jotunheimen.

Dei forskjellige toppane har forskjellige namn. Munken er det nordaustlege platået, Mugna er dei to sentrale toppane, Kalvehøgde er dei tre vestlege toppane og Nordre Kalveholotind er den sørvestlege toppen. Sistnemnde er den einaste toppen har sin markant, bratt veg på sørsida.

Massivet består av bergarten gabbro. Sørsida og platået består hovudsakleg av urer og det er lite planteliv her bortsett frå lav, mose og issoleie.

Munken - den flataste delen av platået.

Den austlege Kalvehøgde og Mugna vart begge klatra i 1820 av to studentar, Balthazar Mathias Keilhau og Peter Christian Bianco Boeck, begge seinare viktige forskarar ved universitetet i Kristiania. Dette vert rekna som den første verkelege fjellekspedisjonen i norsk historie, og desse toppane var dei første som vart klatra av dei to venene. Kor tid dei andre toppane vart nådd er ikkje kjend.