Kalvskinnet skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Historisk fotografi av Kalvskinnet skole og elevar.

Kalvskinnet skole er ein tidlegare barneskule i bydelen Kalvskinnet i Trondheim. Skulen blei teikna av Ole Falk Ebbell og var ferdigbygd i 1887. Skuledrifta slutta i 2010, etter langvarig politisk strid i kommunen. Ein starta i staden ei omfattande renovering av skulebygget, og andre brukarar som Birralee International School, skulefritidsordninga og Trondheim kommunale kulturskole flytta midlertidig ut.

Naturfagstime ved Kalvskinnet skole rundt 1900.
Kalvskinnet skole i 2007.

Nedlegging[endre | endre wikiteksten]

Kalvskinnet skole blei føreslått nedlagt i 2008 saman med fleire andre små skular. Han hadde då 91 elevar, og om lag 20 tilsette. Nedlegginga blei stoppa, men skulen blei i staden delvis slått saman med Ila skole med felles rektor. Klassetrinna skulle reduserast frå 1.-7. til 1.-4. klasse. Endringane førte til at mange elevar søkte seg vekk frå skulen, og til slutt blei undervisinga der avvikla.

Etter skuletid har skulen husa SFO, og Trondheim kommunale kulturskole har hatt undervising for elevar frå heile byen i musikk, song, teater og sirkus i skulebygget.

Kjende elevar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kalvskinnet skole

Kjelder[endre | endre wikiteksten]