Kalya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalya
landsby
Stranda i Kalya
Land  Palestina
Region Daudehavet
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°44′55.11″N 35°27′58.42″E / 31.7486417°N 35.4662278°E / 31.7486417; 35.4662278
Folketal 440 (2019)[1]
Grunnlagd 1930-åra (original)

1968 (noverande)

 - Grunnlagd av tilsette i Dead Sea Works
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Kalya
31°44′55″N 35°27′58″E / 31.748641666667°N 35.466227777778°E / 31.748641666667; 35.466227777778
Wikimedia Commons: Kalya
Nettstad: www.kalia.org.il

Kalya (hebraisk skrift קַלְיָה) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz på den okkuperte Vestbreidda grunnlagd i 1929 på nordbreidda av Daudehavet, 360 meters under havnviå.[2]

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Kalya kjem frå kalium, eit grunnstoff det finst mykje av i regionen. Kalya er òg eit hebraisk akronym for «קם לתחייה ים המוות» (Kam Litkhiya Yam HaMavet), som tyder «Daudehavet har kome til live att».[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart først grunnlagd under Det britiske mandatet. Moshe Novomeysky, ein jødisk ingeniør frå Sibir, vann eit britisk anbod for å drive gruvedrift etter kalium langs nordbreidda av Daudehavet. Myrområdet rundt verket vart drenert og det vart bygt hus for å huse dei tilsette i Palestina Potash Company. Selskapet, som starta opp i 1929, sette opp dei første fabrikkane på nordbreidda av Daudehavet ved Kalya og produserte kalium eller kaliumklorid, ved å fordampe kalium-laken i sola. Fabrikken tilsette både arabarar og jødar.[4]

Kalya vart spart for vald i arabararopprøret 1936–39[5] på grunn av gode tilhøve til arabarane. Fabrikken tilsette mange arbeidarar frå Jeriko. Trass i forhandlingar mellom leiarane i kibbutzen og den arabiske legionen frå Jordan om å bevare kibbutzen under jordansk kontroll under den arabisk-israelske krigen i 1948, førte fengslinga av jødar i det Jordan-kontrollerte Naharayim-komplekset og Kfar Etzion-massakren til at David Ben-Gurion valde å evakuere innbyggjarane. Innbyggjarane flykta til slutt med båt den 20. mai 1948 og dei to kibbutzane vart øydelagde av jordanarane. Området stod så folketomt utan ein jordansk militærleir.

Etter Israel erobra Vestbreidda frå Jordan i seksdagarskrigen i 1967, vart Kalya oppretta på ny som ein paramilitær Nahal-busetjing i 1968, den første i området. Sivile slo seg ned for ei stund i den jordanske militærleiren i 1972, medan dei planta dei første daddelpalmene og bygde dei første permanente husa. Folk flytta inn i dei ferdige husa i 1974.[6]

Som alle israelske busetjingar i israelskokkuperte territorium, er Kalya rekna som ulovleg etter folkeretten, sjølv om Israel hevdar dei har retten på si side.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/westbanksettlements/west_bank/3601__qalya/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003956.
  2. 2,0 2,1 The Farkashes of kibbutz Kalya
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  4. Dead Sea guide, arkivert frå originalen 19. februar 2012, henta 16. september 2015 
  5. shots fired to kalya, 29. juni 1936, Dever
  6. Encyclopedia Judaica, Decenniel book, 1973-1982, «Staten Israel,» s.356
  7. Legal Consequences of the Construction of a Wall i Occupied palestinsk Territory Arkivert 2010-07-06 ved Wayback Machine. Den internasjonale straffedomstolen, 6. oktober 2014. s. 44-45

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]