Ham i Bibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kam i Bibelen)
Ham. Illustrasjon frå 1553.

Ham (hebraisk חָםḤām), i tidlegare bibelomsetjingar også Kam, er ein av sønene til Noah i Bibelen.

Ham var bror til Sem og Jafet.[1] Han var far til Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.[2] Gjennom desse blei han stamfar til fleire folkeslag.

1. Mosebok fortel at Ham fekk sjå faren naken, og fortalde brørne sine om det. Dei dekka til Noah utan å sjå på han. For dette blei sonen til Ham, Kanaan, forbanna.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]