Kamakura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°19′N 139°33′E
Kamakura
by
Kinuhariyama-Kamakura 2010-7-18.JPG
Land Flag of Japan.svg Japan
Region Kantō
Distrikt Kanagawa
Koordinatar 35°19′N 139°33′E
Areal 39 60 km²
Folketal 174 162 (2012)
Location of Kamakura city Kanagawa prefecture Japan.svg
Wikimedia Commons: Kamakura, Kanagawa
Nettstad: city.kamakura.kanagawa.jp

Kamakura (japansk 鎌倉市, Kamakura-shi) er ein japansk by i prefekturet Kanagawa på austsida av øya Honshu. Byen ligg sør for Tokyo sentrum, og er i dag del av Stor-Tokyo.[1] I 2012 hadde han 174 162 innbyggjarar med ei flatevidd på 39,60 km².[2] Kamakura var opphavleg ein fiskarlandsby som i 1185 verka som hovudstad for Japan. Kamakura-shogunatet blei skipa her i 1192.[3] Han fekk byrettar den 3. november 1939.[2]

Kamakura er eit viktig religiøst senter med fleire gamle shinto- og buddhisttempel og kloster.[4] Byen har også ei strand, og begge desse tilhøva gjer han til ein populær utfartsstad for tokyobuar.

I Kamakura finst det største buddhabiletet i Japan, ein sitjande bronsestatue i tempelet Kotoku-in. I Hasa-dera finst ein annan stor statue, av Avalokitesjvara, skoren ut frå eitt tre. Engaku-ji inneheld eit relikvie, ei tann frå Buddha. Eit anna viktig buddhisttempel er Kencho-ji, som lærer opp zen-munkar.[4]

Det finst mange mindre tempel til Jizō (Ksitigarbha), ein bodhisattva knytt til frelse frå helvete og hjelpar for døde barn og foster.[5] Det viktigaste shintotempelet er Tsurugaoka Hachiman-gu, vigd krigsguden Hachiman.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2005 Population Census of Japan, Overview Series No.9; Population of Major Metropolitan Areas, Statistics Bureau, Ministry of Internal Affairs and Communications, Japan; ISBN 978-4-8223-3577-9. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 Masahiro Higashide, oppgjeve av Svensk Wikipedia 20. januar 2013.
  3. Wright, Edmund (red.), «Kamakura shogunate» (avgrensa tilgang) i Dictionary of World History (2006), Oxford University Press,
  4. 4,0 4,1 4,2 Bowker, J. «Kamakura» (avgrensa tilgang) i The Concise Oxford Dictionary of World Religions (2000), Oxford University Press. Henta 5. juni 2013.
  5. Bowker, J. «Kṣitigarbha» i The Concise Oxford Dictionary of World Religions (2000), Oxford University Press. Henta 5. juni 2013.