Kamandjeh
Kamandjeh | |
![]() | |
Klassifisering | spike bowl lutes, Kemendjeh |
---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.311-7 |
Kamandjeh (persisk skrift کمانچه) er eit persisk strykeinstrument, med ein kuleforma lydkasse av tre (ofte morbærtre) og klangbotn av skinn. Instrumentet vert spela med boge og ordet «kamandjeh» kjem frå det persiske ordet kaman, som tyder 'boge'.
I gamle dagar hadde instrumentet berre tre strengjer, to av silketråd og ein av messing, men i det siste århundre har det vore vanleg med fire metallstrenger. Den gamle typen strekte seg over om lag to oktavar, medan den nye typen går over fire oktavar. Lyden frå kamandjeh er rik på overtonar og kan av og til minna både om lyden til hardingfele og siter, men den er likevel svært annleis.
Kamandjeh er mykje brukt i klassisk iransk, aserbajdsjansk, turkmensk og usbekisk musikk.
Nokre kjende utøvarar er Ali-Asghar Bahari, Ardeshir Kamkar, Saeed Farajpouri, Mehdi Azarsina og Kayhan Kalhor.