Kambrosilur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kambrosilursk havbotnsavsetning med skiftevis skifer og kalkstein på Langåra i Asker.

Kambrosilur er ei norsk nemning for dei geologiske periodane kambrium, ordovicium og silur i tidleg paleozoikum for 545-417 millionar år sidan, og blir i dag brukt generelt om avleiringar danna i denne tida.

I kambrosilurtida var det oppbløming av dyr med harde delar som kunne bevarast som fossil, særleg trilobittar, graptolittar, korallar, blekksprutar og brachiopoder. Det er betydeleg lagdelt danning av skiftevis skifer og kalkstein i perioden, mot slutten òg ein del sandstein.

Kambrosilurske avsettingar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst kambrosilurske avsetningar i midtre delar av Oslofeltet (særleg i Oslo, Bærum og Asker), på Vestlandet og i Trondheimsfeltet, Nordlandsprovinsen, Troms og Finnmark.

Den kambrosilurske lagrekka er særleg komplett på Ringsaker der han er 125 meter tjukk - lengre sør i Oslofeltet manglar avleiringane frå tidleg kambrium og lagane er tynnare. I Oslofeltet er kambrosilurlaga synlege oppe i dagen i hovedstadsområdet og nedover langs den kystnære, austre halvdelen av Bærum og Asker, inklusive dei vestre øyane i Indre Oslofjord. Dei ligg nær den austlege, ytre forkastingssonen mot Nesodden, og er sterkt folda i retninga sørvest-nordaust. Mange stader er laga vendt 90° med tydlege striper langs overflata av mørk skifer og ljos kalkstein. Ovanforliggande lag frå permtida er ikkje synlege her, dei ligg lengre nord og vest rundt Oslogryta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]