Kambuiskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kambuiskifer er metamorfe gullførande skifrar i Sulafjella og Kangari, Kambui, Nimini og Gori Hills i søraustlege Sierra Leone.

Kambuiskifer består av grønstein som utgjer mesteparten av Kambui-gruppa. Grønsteinsbelta består av ei nedre eining av ultrabasiske lavaer og basiske putelavaer. Over lavaene ligg sedimentære bergarter med tuff.

Kambuiskifrane vart avsett i prekambriumtida og intrudert av seinare vulkansk aktivitet. Lagrekkja utgjer hovudførekomsten for gull og andre mineral i Sierra Leone.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]