Kamešnica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamešnica
fjell
Kamešnica
Land  Bosnia-Hercegovina,  Kroatia
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 852 moh.
Koordinatar 43°45′N 16°48′E
Kart
Kamešnica
43°43′0″ N 16°49′0″ E
Wikimedia Commons: Kamešnica

Kamešnica er eit fjell sørvest i Bosnia-Hercegovina, på grensa til Kroatia (Dalmatia). Fjellet er ei forlenging av fjellet Dinara, som strekkjer seg frå fjellovergangen Vaganj (1 173 m) i nordaust til Buško Blato (kunstig innsjø). Det meste av Kamešnica ligg i Bosnia, inkludert den høgaste toppen kalla Konj på 1 852 moh, med eit praktfullt utsyn over Bosnia og Kroatia. I klårt vêr kan ein til og med sjå øyane i Adriahavet.

Kamešnica har eit rikt dyre- og planteliv, og har mange turstiar og djupe grotter. Økosystemet i nordlege delar av fjellet har vore heilt bevart sidan det ligg heilt isolert frå omverda med tett skog i området rundt. Toppen av Kamešnica er dekt av snø seks til sju månader av året.