Kamed Al Lawz
Kamed Al Lawz | |
كامد اللوز | |
by | |
Land | ![]() |
---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement |
Distrikt | Vest-Beqaa distrikt |
Koordinatar | |
Folketal | 6 000 |
Tidssone | EET (UTC+2) |
- Sommartid | EEST (UTC+3) |
Retningsnummer | +961 |
Wikimedia Commons: Kamid al lawz | |
Kamid al lawz eller Kamid el-Loz er ein landsby i Beqaadalen i Libanon.
Det vart gjort store arkeologiske undersøkingar her av tyske arkeologar mellom 1963 og 1981. Arkeologane fann fleire bygningar og reiskapar frå yngre steinalder.[1] Det kanskje viktigaste funnet var dokument skriven i kileskrift på leirtavler daterte til 1300-talet fvt.[2] Landsbyen Kamed el-Loz ligg i dag over busetnader frå persisk, hellenistisk og romersk tid. Staden vart omtalt i Amarnabreva som Kumidi.[3][4] Han brukte å vere bustaden til egyptiske embetsmenn som heldt auge med kongane i det sørlege Levanten for faraoen.
Sør for landsbyen ligg ein nekropolis eller gravstad frå denne tida. Like utafor Kamed-El-Loz ligg eit stort steinbrot frå omajadane. Her kan ein sjå graver skoren ut i steinane, i tillegg til arameisk inskripsjonar. Steinane frå brotet vart på 700-talet førte til Anjar av nestoriske kristne frå Irak.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kamed Al Lawz» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Barbara Ann Kipfer (2000). Encyclopedic dictionary of Archeology. Springer. s. 269–. ISBN 978-0-306-46158-3. Henta 22. september 2014.
- ↑ Leon Gray (1. september 2010). The New Cultural Atlas of Egypt. Marshall Cavendish. s. 180–. ISBN 978-0-7614-7877-5. Henta 22. september 2014.
- ↑ Leila Badre (1980). Les figurines anthropomorphes en terre cuite à l'âge du Bronze en Syrie. P. Geuthner. Henta 22. september 2014.
- ↑ Wayne Thomas Pitard (May 1987). Ancient Damascus: a historical study of the Syrian city-state from earliest times until its fall to the Assyrians in 732 BC. Eisenbrauns. s. 62–. ISBN 978-0-931464-29-4. Henta 22. september 2014.