Kamensk-Uralskij
Utsjånad
| Kamensk-Uralskij | |||
| Каменск-Уральский | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | ||
| Høgd | 160 m | ||
| Areal | 144,08 km² | ||
| Folketal | 160 312 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1682 | ||
| Postnummer | 623400–623430 | ||
| Retningsnummer | (+7)3439 | ||
![]() Kamensk-Uralskij 56°24′00″N 61°56′00″E / 56.4°N 61.933333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Kamensk-Uralsky | |||
Kamensk-Uralskij (russisk Ка́менск-Ура́льский) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Iset (i nedslagsfeltet til Ob), 130 km aust for Jekaterinburg. Byen har om lag 160 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kamenskij Zavod vart grunnlagt på slutten av 1600-talet som ein busetnad ved ein støypejernsfabrikk. I to hundreår var fabrikken kjent for sine gode kanonar. Kamensk fekk bystatus i 1935, og endra namn til Kamensk-Uralskij i 1940.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Den mest utvikla industrien i Kamensk-Uralskij er metallurgisk produksjon, som opptar 69 % av den totale industriproduksjonen i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kamensk-Uralskij» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.
