Kamfertre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamfertre
Kamfertre
Kamfertre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Laurales
Familie: Laurbærfamilien Lauraceae
Slekt: Cinnamomum
Art: Kamfertre C. camphora
Vitskapleg namn
Cinnamomum camphora

Kamfertre (Cinnamomum camphora) er ein lauvtreart i kaneltreslekta som har ei rekkje bruksområde. Trevirket blir brukt i produksjon av skrin og møblar, og kamfer er blitt brukt som medisinsk middel, i parfyme, som krydder og som naturleg insektmiddel. Kamfertreet veks opphavleg i Taiwan og Japan, søraustlege Kina og Indokina. Det har òg spreidd seg i søraustre Australia etter introduksjon i hagar og parkar sidan 1822. Dyrkinga for tømmer- og farmasøytisk produksjon har hatt stor tyding både på Taiwan og i Indokina.

Eit kamfertre i Japan som skal vera 1 000 år gammalt .

Kamfertreet blir frå 15 til 30 meter høgt, blada er breitt lansettforma, tjukke og voksaktig mørkegrønne. Når blada blir knuste, luktar dei kamfer. Om våren dannar treet ei mengde små, gulkvite blomar, medan bæra kan minna om solbær eller blåbær.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Den kvite, krystallinske substansen kamfer blir vunnen ut frå treet. Produksjonen inneber tradisjonelt at stykke av treet blir hogde opp, røykte i ein lukka røykbehaldar, og tørka via utlufting der det kvite, krystallinske pulveret blir skrapa av treet.

Bruksområda for kamfer har omfatta:

Ein kjenner bruk av kamfer i sukkertøy og til duftformål frå oldtida. I Tang-dynastiet (618-907) blei det brukt i produksjon av eit næringsmiddel som minna om iskrem. Ei kokebok frå Andalucía frå 1200-talet nemner ein kjøttrett med kamfer.[1] I Europa fall kamfer ut av bruk i matlaginga på 1500-talet, men i India nyttar ein framleis pachha karpooram i dessertar. Under bønn (podsja) bruker hinduar kamfer som ein slags rituell røykjelse. I Sichuan bruker ein blada av kamfertreet til å laga retten Zhangcha-and.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles Perry, «An Anonymous Andalusian Cookbook of the 13th century» Cariadoc's Miscellany.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]