Kamgarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strikkeplagg i kamgarn.

Kamgarn er garn laga av kamull, der fibermaterialet etter karding, men før spinning, går gjennom ein kjemmeprosess. Denne prosessen gjer fibrane meir parallelle i høve til kvarandre. Ein tek samtidig ut særleg korte fibrar (kjemlingar eller noils) og vegetabilske ureiningar.[1]

Opphavleg laga ein kamgarn av ull. Seinare har ein også brukt ullblandingar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «kamgarn». Store norske leksikon (på norsk). 31. januar 2019.