Hopp til innhald

Kamilleblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamilleblom
Kamilleblom
Kamilleblom
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Anthemidodae
Stamme: Anthemideae
Slekt: Kamilleblomslekta Matricaria
Art: Kamilleblom M. chamomilla
Vitskapleg namn
Matricaria chamomilla

Kamilleblom eller berre kamille er ein art i kamilleblomslekta. Dette er ein eittårig plante som blir 15-60 cm høg. Han er kjenneteikna av ei god lukt som kan minna om eple.[1]

Ein har brukt kamille til urtemedisin mot ei rekkje plager, særleg knytt til fordøyingssystemet og livmora men også mot ulike smerter, sår, kløe, depresjon og søvnproblem.[1]

Kamille er nasjonalblomen til Russland.[2]

Ordet «kamille» kjem via latin chamomilla frå gresk khamaimelon, 'jordeple'. Namnet viser til lukta.[3] Det latinske ordet matrix kan tyda 'livmor', og slektsnamnet Matricaria viser til at planten historisk blei brukt mot ulike gynekologiske plager og i samband med fødsel.[4]

Andre norske namn på planten er tysk kamille, kannelblom, kvitblom og moderurt.[1]

Sjølve blomen har gule skivekroner og kvite randkroner.[4]

Alle artane i kamilleblomslekta har blomekorgar som liknar mykje på dei i krysantemumslekta. Artane i kamilleblomslekta skil seg ut gjennom findelte blad med nesten trådsmale flikar. Blomefestet til kamilleblomeslekta er meir opphøgt og kjegleforma , og hjå kamilleblom er det også holt. Tungekronene vil etter kvart bøya seg nedover.[5]

Planten voks opphavleg vilt i Eurasia og Nordvest-Afrika. Han finst no også naturalisert i USA og Australia.[6] Ein dyrkar kamille kommersielt i land som Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, Tyskland, Tyrkia, Spania, Egypt og Argentina.[1] I nokre land veks han som ugras i åkrar.[4]

  1. 1 2 3 4 «KAMILLE - Chamomilla recutita», Urtekildens planteleksikon, henta 19. juli 2021
  2. «Russia’s National Flower: Chamomile», Russian Flora Blog (på engelsk), 17. mars 2019, henta 20. juli 2021
  3. «Camomile (n.)». Online Etymology Dictionary. Henta 25. november 2017.
  4. 1 2 3 «kamilleblom». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 4. oktober 2020.
  5. «KAMILLE - Chamomilla recutita», www.rolv.no, henta 19. juli 2021
  6. «National list of naturalised invasive and potentially invasive garden plants» (PDF). invasives.org.au. 5. april 2006.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kamilleblom