Kamphaugsaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kamhaugsaga, eller Kamphaug Sag, var ei oppgangssag som låg attmed Skjersjøelva eit lite stykkje ned for demninga Skjersjødammen, som demmer opp Skjersjøen i Nordmarka i Oslo. I dag er det ikkje andre leivningar att etter saga enn murar av store steinblokker utan mørtel mellom. Sjølv om alt som har vore laga av tre, jarn og anna er vekk, syner murane at dette må ha vore eit stort byggverk i si tid. Dei lengste konstruksjonane langsetter elva er 25 meter lange, og murane er opp til fire meter høge.

Årsaka til at steinmurane ikkje har vorte fjerna for å nytte steinen til andre føremål, er truleg at ruinane ligg litt avsides til. Dei er difor i god stand, og syner at det her har vore ei sag som har sysselsett mange, og har hatt mykje å seie for folket i både Nordmarka og Maridalen, som dalen langsetter Skjersjøelva i og for seg er ein del av. Namnet Sagåsen på åsen på austsida av Skjersjøen og Skjersjøelva synar på sitt vis at Kamphaugsaga har vore viktig for sysselsettinga i området.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Saga er merka av på eit kart frå 1887, lengje etter at saga har vorte lagt ned. Men elles er det lite å finne av opplysningar om ho på kart og i anna gamalt kjeldemateriale. Truleg vart saga bygd av ein mann som heitte Johan Garmann. Han var fødd i 1610 i Haderslev i Slesvig, døydde i 1673, gravlagt på Hovin i Aker, og høyrte til eit nettverk av folk frå Sønderjylland som vandra inn til Noreg og gjorde karriere her under vern av dei danske statthaldaraneAkershus festning. Kong Christian den IV pantsette heile Nordmarka, og skogen (ålmenningen) vart pantsett til Garmann. I Aker sokn fekk han ikkje berre hand om skogen, men òg gardane Brekke, Skjerven, Skar, Kjelsås, til liks med garden Hovin, der han budde sjøl. Med dette vart han den fyrste private eigaren av Nordmarka. Difor er det truleg at han bygde Kamphaug Sag. Dette må ha skjedd rett etter at han tok over desse områda i 1648 eller 1649, då trettiårskrigen tok slutt og kongen døydde. I eit oversyn frå 1654 vert det sagt at han saman med Niels Lauridzen driv «Schierzøe Saug», som er å forstå som «Skjersjøen Sag», og må vere Kamphaugsaga. Lauridzen var òg godseigar, og dessutan borgarmeister i Christiania.

I tingboka for 1687 er det opplyst at sagmeister Poul Ibsen har skåre 18 000 bord på Kamphaugsaga dette året og 31 000 bord på Våghalsen, som var eit sagbruk attmed Vøyenfossen i Akerselva rett nord for dagens Sannerbrua. For dette har Poul Ibsen betalt høvesvis 9 og 15 ½ daler i skatt. Då hadde nok Kamphaugsaga vore i drift nokre år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Maridalens Venner: Dag Brodin, Årsskrift 2011 : Godseiere og tømmerkjørere, side 20 ISBN 82-92553-00-2