Mixed martial arts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kampsporten MMA)
Kamp mellom Glay Guida og Marcus Aurelio frå UFC 74.

Mixed martial arts (MMA)[1][2] er ein kampsport der ein nyttar spark, slag, kast og kamp på bakken henta frå ulike kampsportar, som boksing, bryting, judo, jujitsu, karate, og muay thai.[3]

Kamp-arrangørar og dommarar har ofte minst eit regelsett å forhalda seg til, t.d.

  • "Nevada Administrative Code, Chapter 467, Unarmed Combat": (Desse reglane blir handheva av Nevada State Athletic Commission når kampar går i Nevada.)
  • «Unified Rules of Mixed Martial Arts», for kampar i New Jersey og California

MMA er òg eit samleomgrep for kampsportar der ein nyttar spark, slag, kast og kamp på bakken. MMA er ikkje ein stilart, men ei konkurranseform der ein nyttar ulike stilartar og metodar for å vinna kampar, ofte med færrast mogleg reglar. Vanlegvis varer kampen fram til den eine deltakaren er slått ut (knock out) eller vert låst med låsegrep i ein smertefull eller farleg posisjon (submission hold) og gjev opp. Deltakarar i MMA-konkurransar trenar ofte ulike kampsportstilar for å trena på dei ulike fasane i ein kamp, til dømes kickboksing for ståande slosting og bryting eller brasiliansk jujutsu for kast og bakkekamp.

Nokre stilartar /kampsportsystem der ein nyttar både slag, spark og bryting:

  • Valetudo og NHB (No Holds Barred)
  • Shootfighting - ein mildare form for MMA, der slag/strikes ikkje er tillatne mens ein ligg på bakken
  • Pankration - det finst verdscup og europameisterskap. Sporten har ikkje vore med i moderne olympiske leikar.[4]

Andre namn som blir nytta for å referere til ein eller fleire MMA-stilartar er mellom anna:

  • Ultimate Fighting : Namnet kjem frå UFC-turneringane. «UFC» er ei forkorting for Ultimate Fighting Championships.
  • Cage-fighting har ein arena som har 8 hjørnestolper, med netting mellom. Denne type inngjerding er ikkje vanleg i Noreg. «Cage-fighting» ('bur-slossing') er eit misvisande uttrykk, sidan det ikkje finst noko fysisk barriere som hindrar deltakarane i å hoppe over gjerdet.
  • Free-fighting - omgrepet er framleis noko nytta i Noreg, sjølv om MMA er blitt mindre fri. Til dømes er det innført regler om at hansker skal nyttast i kamp, og at hanskene skal ha polstring.

MMA i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg har eit relativt strengt regelverk når det gjeld kampsportar som tillet knock-out. Det finst miljø som arrangerer konkurransar med MMA-liknande regelverk for amatørar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anbefaler folk å gå rett fra sofaen til å prøve MMA, arkivert frå originalen 25. juli 2018, henta 25. juli 2018 
  2. «Kampsporten MMA - rått i ringen», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 5. februar 2015, henta 8. juli 2023 
  3. «Mixed martial arts (MMA) | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 11. juni 2023, henta 8. juli 2023 
  4. «Evens», pankration.gr, arkivert frå originalen 6. februar 2010, henta 2. februar 2010