Kamrotter
| Kamrotter | |
Hoe av Ctenomys haigi | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Gnagarar Rodentia |
| Infraorden: | Hystricognathi |
| Familie: | Ctenomyidae |
| Slekt: | Kamrotter Ctenomys Blainville, 1826 |
Kamrotter (Ctenomys) er ei gruppe neotropiske gnagarar i familien Ctenomyidae som lever i Sør-Amerika. Kamrottene tilhøyrer den einaste nolevande slekta i familien, Ctenomys, som inkluderer omtrent 60 ulike artar. På spansk og andre språk blir desse artane kalla «tuco-tuco» etter lætet dei lagar når dei grev gangane sine.[1] Det norske namnet er etter ei rad av stive hårbørstar mellom tærne.[2]
Forholdet mellom artane er omdiskutert blant taksonomar. Det har vorte skildra som ein tilstand av «taksonomisk kaos». Deira næraste slektningar finst i familien trompetrotter.[3] Alle artane av kamrotter finst i Sør-Amerika, frå Peru og sentrale Brasil og sørover. Kamrottene i Sør-Amerika har ei økologisk rolle som svarer til kinnposerotter i Nord-Amerika.
Anatomi
[endre | endre wikiteksten]Kamrotter har tungt bygde sylindriske kroppar med korte bein, og pelsen deira varierer i farge frå svart til lys grå.[1] Huda er løyst festa, noko som mogleggjer rørsle i tunnelane dei grev. Dei har lange framføter til graving og børsteliknande bakføter til pleie. Hovuda deira er store, øyra små, og halane hårete. Kroppslengda varierer i området 15–25 cm, og dei kan vege frå så lite som 100 gram (C. pundti) til over 1 kg (C. conover).[4]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Medlemmer av slekta Ctenomys er vidt utbreidde, men over 50 av artane finst i den sørlege halvleiken av Sør-Amerika. Dei finst i mange område frå den sørlege delen av Peru og Brasil til Tierra del Fuego lengst sør i Sør-Amerika, gjennom delar av Chile og mesteparten av Uruguay, Paraguay, Bolivia og Argentina. Habitata deira inkluderer kystgrassletter og fjellskråningar, inkludert puna økoregion i Andes på over 4000 meter. Utbreiinga deira avheng av faktorar som jordtype, temperatur og primærproduktivitet. Den einaste overlappande utbreiinga innan slekta finst mellom C. australis og C. talarum i eit kystdyneområde.
Kamrotter lever i gravne gangar og gjennomfører mesteparten av livet, opptil 90 %, under bakken. Det blir anslått at dei utgjer omtrent 45 % av alle underjordiske gnagarar i verda. Jordholene deira held ein jamn temperatur og jamnt fuktnivå, uavhengig av den geografiske regionen. For å grave har dei mange morfologiske tilpassingar, som forma til kroppen, reduserte auge og sterke lemmer. Luktesansen deira er velutvikla og hjelper dei med å orientere seg medan dei grev og etablerer territorium. Dei bruker to metodar for graving: kloskraping og hovudskalle- tanngraving, ofte ein kombinasjon av begge.[5] Dei er dagaktive og vekslar mellom periodar med aktivitet og kvile gjennom dagen.[1]
Føde
[endre | endre wikiteksten]Dei finn mat ved å grave gangar. På grunn av dei høge energikostnadene ved å leite etter mat, har dei ein brei diett.[6]
Menneskeleg påverknad
[endre | endre wikiteksten]Artene i denne slekta er utsett for predasjon frå menneske, då dei blir rekna som landbruksskadedyr.[7]
Før europeisk busetjing var kamrotter ei viktig matkjelde i Tierra del Fuego for urfolk i regionen.[8]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Ctenomys australis, nær kysten i Buenos Aires-provinsen, ca. 200 km vest for Mar del Plata.
- Ctenomys brasiliensis, illustrasjon frå 1847
- Ctenomys emilianus
- Ctenomys minutus
- Ctenomys talarum, nordaust i Buenos Aires-provinsen
- Ctenomys sericeus, frå vestleg del av Santa Cruz-provinsen i Argentina
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er byggjer på «Tuco-tuco» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2024
- 1 2 3 "Southern Tuco-tuco (Ctenomys australis)". ARKive. 4 October 2013. Arkivert 2013-12-04 ved Wayback Machine.
- ↑ Hele verdens dyreliv. Oslo: LibriArte AS. 1996. s. 97-98. ISBN 8244501162.
- ↑ Woods, C.A.; Kilpatrick, C.W. (2005). Genus Ctenomys I Wilson, D.E.; Reeder, D.M (eds.). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3rd ed.). Johns Hopkins University Press. pp. 1560–1570. ISBN 978-0-8018-8221-0. OCLC 62265494.
- ↑ Luna, Facundo; Antinuchi, C. Daniel (2007). «Energy and Distribution in Subterranean Rodents: Sympatry between Two Species of the Genus Ctenomys». Comparative Biochemistry and Physiology Part A: Molecular & Integrative Physiology 147 (4): 948–954. PMID 17407828. doi:10.1016/j.cbpa.2007.02.032.
- ↑ Steiner-Souza, Francisco; De Freitas, Thales R. O.; Cordeiro-Estrela, Pedro (2010). «Inferring Adaptation within Shape Diversity of the Humerus of Subterranean Rodent Ctenomys». Biological Journal of the Linnean Society 100 (2): 353–367. doi:10.1111/j.1095-8312.2010.01400.x.
- ↑ Comparatore, V.M.; Cid, M.S.; Busch, C. (1995). «Dietary Preferences of Two Sympatric Subterranean Rodent Populations in Argentina» (PDF). Revista Chilena de Historia Natural 68: 197–206.
- ↑ Fernandes, FA.; Fernández-Stolz, GP.; Lopes, CM.; Freitas, TRO. (2007). «The Conservation Status of the Tuco-Tucos, Genus Ctenomys (Rodentia: Ctenomyidae), in Southern Brazil». Brazilian Journal of Biology 67 (4 suppl): 839–847. PMID 18278350. doi:10.1590/s1519-69842007000500006. hdl:10183/20594.
- ↑ Cordell, Stephen Beckerman, Linda S; Beckerman, Stephen (2014). The Versatility of Kinship: Essays Presented to Harry W. Basehart. Academic Press. ISBN 9781483267203.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Kamrotter i Catalogue of Life
- (en) Kamrotter i Encyclopedia of Life
- (en) Kamrotter i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Kamrotter hos Fossilworks
- (en) Kamrotter hos ITIS
- (en) Kamrotter hos NCBI
- (en) Kategori:Ctenomys – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ctenomys – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ctenomys – detaljert informasjon på Wikispecies