Kamzy Gunaratnam
Kamzy Gunaratnam | |||
![]() | |||
Fødd | 23. mars 1988 (37 år) Jaffna | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | David Aas Correia | ||
Alle verv |
|
Kamzy Gunaratnam, opphavleg Khamshajiny Gunaratnam, (fødd 23. mars 1988) er ein norsk politikar, fødd i Jaffna i Sri Lanka, som sidan 1991 har budd i Oslo. Ho er frå 2021 stortingsrepresentant for Oslo og Arbeidarpartiet.
Gunaratnam var medlem i Oslo bystyre frå 2007. Etter kommunevalet i 2015 tok over som varaordførar i Oslo, ein posisjon ho hadde til hausten 2021. Til stortingsvalet 2021 vart ho nominert til andreplassen på Oslo Arbeidarparti sin valsetel, Jonas Gahr Støre stod som nummer 1 og Espen Barth Eide som nummer 3. Alle tre og ein fjerde person kom inn på Stortinget. Støre tok over som regjeringssjef, medan Gunaratnam fekk plass i Justiskomiteen.
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Gunaratnam har vore kjærast med dataingeniøren David Aas Correia sidan 2020.[1] Dei gifta seg i 2023.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lene Wikander (12. november 2020). «Kamzy Gunaratnam: - Uten å samarbeide kan vi ikke løse noen problemer». Tara.
- ↑ Kamzy Gunaratnam (15. juli 2024). «dag har David og jeg vært gift i et år❤️ Her er noen bilder fra vår lille feiring i Groruddalen for et år siden🫶🏽». Facebook.