Kanō Tan'yū

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanō Tan'yū (狩野 探幽)

Fødenamn Kanō Morinobu
Statsborgarskap Japan
Fødd 4. mars 1602
Kyoto
Død

4. november 1674 (72 år)
Edo

Yrke kunstmålar, kunstnar
Religion buddhisme
Far Kanō Takanobu
Born Kanō Tanshin, Kanō Tansetsu
Kanō Tan'yū på Commons

Kanō Tan'yū (4. mars 16024. november 1674) var ein japansk målar som blir rekna blant dei fremste i Kanō-skulen. Mange av dei best kjende Kanō-verka er av han.

Tan'yū heitte opphavleg Morinobu, og var den eldste sonen til Kanō Takanobu og barnebarn av Kanō Eitoku.

Utsmykking[endre | endre wikiteksten]

I 1617 blei han utnemnd til den første offisielle målaren for Tokugawa-shogunatet.[1] I åra som følgde fekk han mange ærerike oppdrag. På 1620- og 1630-talet skapte han ei rekkje verk i stor skala for Edo-slottet, Nijō-slottet, Osaka-slottet, Nagoya-slottet og Nikkō Tōshō-gū.

Sjølv om Tan'yū måla i ei rekkje ulike stilar, er han truleg best kjend for desse veldige verka. Dei omfattar skjermar og panel i Momoyama-stil som viser motiv frå naturen som tigrar, fuglar og plantar, i sterke fargar og med mykje bruk av bladgull. Gullet blei ofte brukt til å avbilda skyer, vatn eller andre bakgrunnselement. Det reflekterte det vesle lyset som var tilgjengeleg innandørs, og lyste opp dei dunkle romma i slotta.

Tusjmåleri[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Tokugawa Ieyasu.

Tan'yū var også ein dyktig utøvar av tusjmåleri, der ein nyttar einsfarga blekk til eit bilde. Han bygde på den prototypiske stilen frå Muromachi-tida, yamato-e-verk i ein stil som minna om den frå Tosa-skulen, og rullar i kinesisk stil. Det best kjende yamato-e-verket hans er ein forteljande handrull som framstiller livet of Tokugawa Ieyasu, den første Tokugawa-shōgunen og ein viktig figur i japansk historie. Det var etter dette oppdraget, i 1640, at kunstnaren først tok «kunstnarnamnet» Tan'yū.

I tillegg til å vera ein æra og respektert målar sjølv, var Tan'yū også kjend som ein kjennar og samlar av kinesiske måleri. Han laga skisser og tok vare på oppteikningar om dei mange måleria som kom til atelieret hans for autentisering.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Portrait of Kanô Tan'yû». e-museum: National Treasures and Important Cultural Properties of National Museums, Japan. Henta 11. februar 2017. [daud lenkje]
  • Kaputa, Catherine (1985). "Kanō Tan'yū." Kodansha Encyclopedia of Japan, Tokyo: Kodansha Ltd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kanō Tan'yū