Kan du teksten?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kan du teksten? er eit norsk gameshow som starta opp på TV 2 etter påska 2008. Kan du teksten? er basert på amerikanske Don't forget the lyrics.

Programmet går ut på å hugsa songtekstar, og ein treng inga god songstemme for å vinna. Ein deltakar kan maksimalt vinna ein halv million kroner, og ein rykkjer nærare maksimal utteljing di fleire tekstar ein hugsar. Programleiarar er Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam som til vanleg utgjer rap-duoen MadCon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]