Kanaristraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanaristraumen går sørover i Nord-Atlanteren

Kanaristraumen er ein relativt kald havstraum i Atlanterhavet, som flyt frå Portugal langs vestkysten av Afrika til områda kring Kapp Verde, der han renn i hop ned Nordekvatorialstraumen. Kanaristraumen er ei sørleg grein av Den nordatlantiske straumen og er brei, langsam og variabel, men transporterer store vassmengder. Straumen er kalla opp etter Kanariøyane, som delvis blokkerer for straumen.

Kanaristraumen fører til oppvelling langs kysten, der kald og næringsrikt vatn strøymer opp frå djupet og er ein viktig faktor for primærproduksjonen i farvatnet. Dette medverkar til at området har eit rikt fiske. Oppvellinga er særleg stor mellom 23 og 25 ºN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]