Kandahar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kandahar
by
Land  Afghanistan
Provins Kandahar-provinsen
Areal 800 km²
Folketal 614 254 (1. januar 2020)
Kart
Kandahar
31°37′12″N 65°42′57″E / 31.62°N 65.715833333333°E / 31.62; 65.715833333333
Wikimedia Commons: Kandahar

Kandahar (Kandahār eller Qandahār) er ein by sør i Afghanistan som er provinshovudstad i Kandahar. Provinsen har 567 000 innbyggjarar (basert på tal frå 1979), medan byen har rundt 200 000 (basert på utrekningar frå 1989). Han er den nest største byen i Afghanistan og er eit handelssentrum, særleg for landbruksprodukt. Byen har ein internasjonal flyplass og betydeleg utbygde vegar. Saman med Peshawar er Kandahar hovudby for pasjtunarar. Han har samanhengande veg til Quetta i Pakistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike teoriar om opphavet til namnet Kandahar. Nokre meiner at namnet stammar frå Gandhara, eit nærliggande kongedømme i nordaust. Gandhara er nemnt i det indiske eposet Mahabharata. Andre teoriar inkluderer at namnet skal vera ein lokal variant av Alexandria.

Byen Kandahar blei grunnlagd på 300-talet av Aleksander den store nær byen Mundigak (etablert rundt år 3000 f.Kr.). Byen har jamleg vorte eit mål for erobringar på grunn av den strategiske plasseringa si i Sentral-Asia. Han var del av det iranske Akamenide-riket og kom under innverknaden til den indiske keisaren Ashoka og Kushan-keisaren Kanishka. Byen var òg kjend som Aleksandropolis, etter grunnleggjaren Aleksander.

Kandahar blei tidleg dominert av ulike iranske stammar, men afghanarane blei verande den meste talrike gruppa gjennom det meste av historia hans.

Under abbassidane og seinare turmenske erobrarar blei Kandahar erobra av muslimar som konverterte dei lokal afghanarane til islam. Byen kom inn under Khurasan-regionen, men heldt på det lokale språket og kulturen sin. Han blei så erobra av arabarar på 600-talet, turkmenske ghaznavidar på 900-talet og mongolane under Djengis khan på 1100-talet og Timur Lenk i 1383.

Babur, grunnleggjaren av Mogulriket, annekterte Kandahar på 1500-talet. Sonen hans Humayun tapte Kandahar til sjahen av Persia. Sonen til Humayun, Akbar tok tilbake kontrollen over Kandahar og Kabul, men etterkvart tapte mogulane området.

Byen blei del av ein tidleg afghanarstat i 1708Mir Waiz erobra han. Han døydde i 1715, og frå 1738 til 1747 var byen mellombels i hendene på den turko-iranske herskaren Nadir Shah.

Ahmed Shah Durrani, grunnleggjaren av Afghanistan, fekk kontroll over byen i 1747 og gjorde han til hovudstad av det nye afghanske (pasjtunske) kongedømet sitt i 1748. Det som no er gamlebyen blei planlagd av Ahmad Shah og er dominert av mausoleumet hans. I 1780-åra blei hovudstaden flytta til Kabul.

Britiske styrkar okkuperte byen i den første anglo-afghanske krigen (1839–1842) og frå 1879 til 1881. Kandahar blei del av den moderne afghanske staten på trass av dette.

Under den sovjetiske okkupasjonen i 1979–89 var Kandahar under solid sovjetisk kontroll. Etter at Sovjet trekte seg ut, blei byen besett av ulike troppar fleire gonger. Det var mot slutten av 1994 at Taliban dukka opp frå byen og byrja å erobra dei sørlege, austlege og sentrale delane av Afghanistan. Etter at Taliban blei fjerna i 2001–02 byrja mindre bandar å spreia seg gjennom dei nærliggande provinsane. Kandahar kom under kontroll av Gul Agha Shirzai, ein afghansk krigsherre som hadde kontrollert provinsen og byen før Taliban.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kandahar