Kanelspove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kanelspove

Status i verda: LC Livskraftig

Kanelspove Foto: Wikimedia-brukar Faucon
Kanelspove
Foto: Wikimedia-brukar Faucon
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Limosa
Art: L. fedoa
Namn på andre språk
  • Engelsk: Marbled Godwit
  • Vitskapleg namn
    Limosa fedoa

    Kanelspove (Limosa fedoa) er ein spove i snipefamilien som hekkar på prærien i sentrale Nord-Amerika og elles lever langs kystane av USA, Mexico og Mellom-Amerika utanom hekketida.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Flygande kanelspove i vinterdrakt fotografert i desember ved Huntington Beach i California
    Foto: Alan D. Wilson

    Kanelspoven er den største av dei fire spoveartane i den biologiske slekta Limosa med kroppslengd på 42 til 48 centimeter og ei vekt på ca. 300 til over 500 gram, hofuglane er klårt størst.[1] Dette er den arten i slekta som ut frå fjørdrakt minnar mest om spovane i slekta Numenius. Han har eit langt rakt, noko oppbøygd nebb med mørk tupp og beina er mørke.

    Vaksne individ i hekkedrakt har mørk fine strek på en botten av ljus sandfarge med innslag av rustbrunt på hovud, hals, bryst og på undersida av kroppen. Nebbfarga er rosaorange og han har en svakt mørkare tygel og eit sandfarga augebrynstrek. Ryggen, overgumpen og stjerten er spraglete i mørkebrunt, beige og med stenk av kvitt. Han har ljuse, kanelfarga vengundersider.

    Adulte fuglar i vinterdrakt og juvenile fuglar saknar dei mørke strekene på brystet og undersidan, og nebbrota deira er rosa.

    Utbreiing, biotop og hekking

    Denne spovearten hekkar på prærien i Alberta, Saskatchewan og Manitoba, Canada og i tilstøytande område i Montana og North Dakota i USA. Dei hekkar òg i området sørvest for Jamesbukta i Ontario, Canada. Hekkebiotopen er prærien nær dammar, og dei legg egga sine i enkle reir på bakken i kort gras, reira er sparsamt fôra med tørt gras.

    Kanelspove er ein flyttfugl. Om hausten trekker dei flokkvis til kysten av California, Mexicogolfen, Mexico og Mellom-Amerika, men streiffuglar kan treffast i Sør-Amerika sør til Chile.

    Status

    Populasjonen var minkande under 1800-talet på grunn av jakt, men kom til å innhente seg. I dag er bestanden trudd å vere inntil 200 000, og er i det minste stadvis i ein liten tilbakegang, mest grunna tap av hekkebiotoper som blir dyrka til jordbruksmark, samt på grunn av jakt.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Marbled Godwit (Limosa fedoa) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. september 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kanelspove