Kangha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kangha.

Kangha er ein liten kam som er del av dei fem K-ane i sikhismen. Han blir brukt av sikhar som høyrer til khalsaen.[1] Kammen skal halda håret kjemma, og kan stå for kontrollert andelegheit[2] eller reinleik.[1]

Kammen er vanlegvis av tre eller elfenbein.[2] Ofte har han ein liten kirpan (kniv) på seg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «kangha». The Oxford Dictionary of Phrase and Fable. Oxford University Press. 2005. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Bowker, John (2000). «Five Ks». The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Oxford University Press.