Kankuamofolk
Kankuamo, kankuaka, kankui eller kankuané er ei urfolksgruppe frå Colombia som tradisjonelt held til i dei sørlege fjellsidene av Sierra Nevada de Santa Marta opp til norddelen av Cesar-departmentet (corregimientoa Atánquez, Guatapurí, Chemesquemena, Los Haticos, La Minha og Rio Seco).[1] Ein reknar med at det finst rundt 15 000 kankuamofolk. Dei snakkar sánha, ein dialekt av atanque i den chibchanske språkgruppa. Dei reknar Sierra Nevada de Santa Marta, den høgaste fjellkjeda nærast havet, som heilag. På språket sitt kallar dei fjella Umunukunu.[2] Mange kankuamofolk, særleg dei som driv med handel, snakkar ikkje dette språket.[3]
Kankuamofolket er i slekt med arhuaco-, wiwa- og kogifolk. Av desse fire urfolka i Sierra Nevada de Santa Marta er det tradisjonelt kankuamofolk som har hatt minst kontakt med andre, og dei har utvikla strategiar for å halda seg avsondra frå omverda.[2]
Klesdrakten til kankuamofolk skil seg frå den til dei andre urfolka i Sierra Nevada. Kvinner ber to overlappande klede, medan menn bruker korte bukser og ein sivhatt.[4]
Hovudnæringa til kankuamofolk er landbruk. Dei viktigaste produkta deira er yuca, ñame, ertebønner, mais, banan, kokablad, fique, arracacha og Xanthosoma-stive.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Localization of the Kankuamo people and language] - Pueblos Originarios (på spansk), henta 18-04-2016
- ↑ 2,0 2,1 "Kankuamo people" - Minority Rights - accessed 18-04-2016
- ↑ Kankuamo people and their languages (på spansk), Banco de la República, arkivert frå originalen 10. november 2017, henta 18-04-2016
- ↑ Dressing style of the Kankuamo people (på spansk), TodaColombia, henta 18-04-2016
- Denne artikkelen bygger på «Kankuamo people» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2020.