Kannibalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kannibalistisk)
Saturn et sønene sine av Francisco Goya. Biletet skildrar myten om Guden Saturn (Kronos), som skal ha ete sønene sine av di han ottast at ein av dei skulle ta makta frå han.

Kannibalisme viser opphavleg til menneskeeting utført av andre menneske, men kan også visa til det å eta individ av sin eigen art. Kannibalisme er vanlegvis eit stort tabu, men er også dokumenrte frå mange samfunn ved ulike høve.

Ein finn døme på kannibalisme hjå fleire dyr. Det er til dømes vanleg blant maur, medan hoa hjå nokre edderkoppar og knelarar et hannen under eller etter paring. Fleire fiskeartar driv med kannibalisme, til dømes gjedde og torsk. Hjå desse kan kannibalisme ha relativt stor effekt på reguleringa av populasjonsstorleiken ved at overlevinga til liten fisk minker når det er mykje større fisk. Hjå fuglar kan til dømes dei største ungane i eit uglekull eta dei minste ungane når det er knapt med næring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Kannibalisme», Store norske leksikon, 27. oktober 2011, henta 14. januar 2016 

Spire Denne zoologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.