Kanonball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanonball

Kanonball eller stikkball er ein lagsport som er vanleg i gymundervisinga. Reglane finst i mange ulike variantar. I USA er spelet kjent som Dodgeball, og International Dodgeball Federation er eit forbund som har standardisert reglane for den amerikanske varianten av spelet.

Norsk skolevariant[endre | endre wikiteksten]

Sidan det finst fleire variantar er ikkje dette noko komplett regeloversyn for kanonball, men ei rettleiing til dei grunnleggjande sidene ved spelet. Denne varianten brukar dei mykje i Oslo-området.

Spelarar[endre | endre wikiteksten]

Talet på spelarar er ikkje fastsett, men ein bør vera minimun fire fordelt på to lag. Kvart lag vel ein konge som står i ei frisone bak motsett lag under heile spelet.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Ein treng ein ball i mjukt material, med storleik mellom ein handball og ein fotball.

Speleområde[endre | endre wikiteksten]

Figur som syner oppdelinga av banen i område for raudt og blått lag. Dette er ei grunnleggjande oppdeling.
Figur over oppdelinga av Velstad-Karlsen-varianten. Denne baneoppdelinga nyttar berre dei mest erfarne spelarane, og ein må helst ha to eller fleire ballar. Baneoppdelinga oppstod i ein gymtime i regi av elevar frå Modum/Sigdal..

Speleområdet er normalt heile gymsalen. Banen er delt opp i fire delar på tvers av lengderetninga og normalt symmetrisk om midtlinja slik at dei to midterste delane får mest plass. I nokre tilfelle kan læraren, som ofte er dommar, flytte grensene for å jamne ut oddsen. I utgangspunktet står laga på kvar si side av midtstreken og kongane står i det vesle området i motsett ende av banen. Ein spelar må alltid stå i riktig område, og det kan vere juks å strekkje seg etter ballar i område ein ikkje høyrer til i. Banen er ofte oppdelt med gymbenker.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Ein kastar ballen tilfeldig ut på banen i det spelet byrjar. Ein annan variant er at ein lèt ballen liggje på midtlina i det spelet byrjar, slik at spelarane må løpe for å hente ballen fyrst. Spelet går ut på å stikke motspelarane, altså å treffa dei med ballen. Dersom ballen treffer bakken før han treffer ein spelar, er ballen daud, og spelaren vart ikkje stukken. Dersom den som vert kasta på, greier å ta imot ballen, vert den som kasta stukken i staden. Vanlegvis tel ikkje ballar som treffer hovudet (hovudstikk). Spelaren må flytte seg dit kongen står når han vert stukken. Dersom ein spelar i området til kongen stikk ein motspelar, får spelaren gå attende til midtområdet. Når alle så nær som kongen på eit lag er stukne, skal kongen spele i det store området til sitt lag. Kongen har i utgangspunktet tre liv, og mister eitt kvar gong han vert stukken. Eit lag tapar dersom kongen mister alle liva.