Kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her»
BWV 769
Variasjon av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert Juni 1747
Publiseringsdato 1748
Typisk lengd 12:18
Satsar 5

Kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her», BWV 769, er fem variasjon i kanon for orgel med to manualar og pedalar av Johann Sebastian Bach av julesalmen til Martin Luther med same namn. Variasjonane vart førebudd som ei prøvespeling då Bach skulle inn som det 14. medlemmet av Mizler musikkforbund i Leipzig i 1747. Den originale trykte utgåva frå 1747, vart publisert av Balthasar Schmid i Nürnberg. Ei anna utgåve, BWV 769a, kom ut i seinare signerte manuskript, som òg inneheld seks triosonater for orgel BWV 525-530 og Dei store atten koralpreludia BWV 651–668. I denne seinare utgåva endra Bach rekkefølgja på variasjonane, og flytta den femte variasjonen i midten.

Den enkle melodien «Vom Himmel hoch» er ein adventssong frå den lutherske kyrkja. Han representer Gud som trår ned til jorda, og melodien fell i enkle steg ned skalaen. Bach syner først melodien i den opphavlege forma og lagar ein elegant kanon. Så set han i gang med fleire minuttar med variasjonar kring temaet, kvar gong i kanon-form, derfor tittelen «kanoniske variasjonar». Den enkle melodien gjer at dei kompliserte kontrapunkta til Bach skin uvanleg godt gjennom.[1] Verket vert rekna som genialt, sjølv for Bach å vere, og er datert til dei siste leveåra hans.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]