Kansas City av Leiber og Stoller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kansas City
Singel av Wilbert Harrison
B-side «Listen, My Darling»
Utgjeve April 1959
Innspelt New York
Mars 1959
Sjanger R&B, rock and roll
Lengd 2:22
Selskap Fury
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller
Produsent Bobby Robinson
Wilbert Harrison-kronologi
«Gonna Tell You a Story»/ «Letter Edged in Black»
(1959)
Kansas City «Cheating Baby»/ «Don't Wreck My Life»
(1959)


«Kansas City» er ein rhythm and blues-song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller i 1952.[1] Han vart først spelt inn av Little Willie Littlefield same året, og vart seinare ein stor hit for Wilbert Harrison i 1959. «Kansas City» vart ein av dei mest innspelte songane til Leiber og Stoller, med meir enn tre hundre versjonar[2] og fleire av dei på R&B- og poplistene.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

«Kansas City» vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, då to nitten år gamle rhythm and blues-fans frå Los Angeles, som alt hadde hatt suksess som låtskrivarar for Charles Brown med R&B-hiten «Hard Times». Ingen av dei hadde vore i Kansas City, men var inspirerte av Big Joe Turner-plater.[3]

I'm goin' to Kansas City, Kansas City here I come (2x)
They got a crazy way of lovin' there, and I'm gonna get me some
I'm gonna be standing on the corner, of Twelfth Street and Vine (2x)
With my Kansas City baby, and a bottle of Kansas City wine...

Gjennom sambandet til produsenten Ralph Bass, skreiv dei «Kansas City» spesifikt for West Coast blues/R&B-artisten Little Willie Littlefield.[2] Det var først usemje mellom dei to låtskrivarane om melodien til songen: Leiber (som skreiv teksten) føretrekte ein tradisjonell bluessong, medan Stoller ønskte ei meir markant vokallinje. Stoller vann til slutt fram. Dei lærte bort songen til Littlefield heime hos Maxwell Davis, som arrangerte og spelte tenorsaksofon på songen.[2] Littlefield spelte inn songen i Los Angeles i 1952, under den første innspelinga si for Federal Records, ein etikett under King Records. Ralph Bass endra tittelen til «K. C. Loving»,[4] som visstnok vart rekna som meir «hipt» enn «Kansas City». Littlefield si innspeling vart ein suksess i delar av USA, men nådde ikkje den nasjonale salslista.

Little Richard-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kansas City
Singel av Little Richard
B-side «Lonesome and Blue»
Utgjeve April 1959
Innspelt Los Angeles
29. november 1955
Sjanger R&B, rock and roll
Lengd 2:37
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber and Mike Stoller
Produsent Art Rupe
Little Richard-kronologi
«Wonderin'»/ «By the Light of the Silvery Moon»
(1959)
Kansas City «Shake a Hand»/ «All Night Long»
(1959)


Kansas City
Song av Little Richard
frå albumet Well Alright!
Utgjeve November 1970
Innspelt New Orleans
13. september 1955
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:16
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber and Mike Stoller
Produsent Bumps Blackwell

I 1955 spelte Little Richard inn to ganske forskjellige versjonar av «Kansas City»: 13. september (med produsenten Bumps Blackwell), og den 29. november (med fem vokalistar, og produsenten Art Rupe).[5] Den første versjonen, som var tett opp til originalen, kom ut mykje seinare, i november 1970 på samlealbumet Well Alright! Denne versjonen var den første som hadde den nye tittelen «Kansas City» (etter originalen til Littlefield, «K.C. Loving»). Den andre versjonen til Richard hadde same namnet, men var ei ganske stor omarbeiding av Little Richard (denne versjonen inneheld eit nytt refreng med teksten «Hey, hey, hey, hey; Hey baby, hey child, hey now») som kom ut seint i 1958[6]The Fabulous Little Richard og i april 1959 som ein singel[7] Seinare vart denne versjonen covra av The Beatles.

9. mai 1956 spelte Little Richard inn sin eigen song, «Hey-Hey-Hey-Hey», òg kjend som «Hey-Hey-Hey-Hey! (Goin' Back to Birmingham)»[5] som var særs lik ein del av den andre versjonen av «Kansas City» som var spelt inn seks månader tidlegare. Denne vart gjeven ut i januar 1958 som B-side til «Good Golly, Miss Molly» og i juli 1958 på Little Richard.[7]

Wilbert Harrison-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1959, fleire år etter å ha spelt Littlefield sin «K.C. Loving», valte Wilbert Harrison å spele inn songen. I mars 1959, akkurat då versjonen til Little Richard kom ut på album, spelte Harrison inn songen i lag med gitaristen Wild Jimmy Spruill i eit studio i New York for produsenten Bobby Robinson frå Fury Records.[8] «Kansas City» vart gjeven ut på singel seinare det året.[9]

Harrison-versjonen nytta den originale tittelen til Leiber og Stoller, «Kansas City», men endra refrenget til «They got some crazy little women there, and I'm gonna get me one»[4] og droppa ein 12-taktsdel. Songen vart ein hit og gjekk til topps på både R&B- og poplista, der han låg i sju veker.[10] Songen vart ein av dei bestseljande i 1959.[11] Singelen var den siste førsteplassen i USA som vart gjeven ut på ei 78-plate.[12]

Harrison spelte òg inn ein svarsong til same melodien som «Kansas City», kalla «Goodbye Kansas City». Denne kom ut på singel på Fury Records i 1960.[9]

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Kansas City/Hey, Hey, Hey, Hey
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 18. oktober 1964
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:33
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller/Richard Penniman
Produsent George Martin

I 1964 spelte The Beatles inn Little Richard sin versjon av «Kansas City» (sidan kalla «Kansas City/Hey, Hey, Hey, Hey»), ein song dei byrja å spele medan dei var i Hamburg.[13][14] Versjonen deira, som nytta ein noko anna tekst, kom ut på albuma Beatles for Sale (Storbritannia) og Beatles VI (USA) og var B-sida til singelen «Boys». Pianoet på songen vart spelt av George Martin. Eit alternativt opptak kom ut på Anthology 1 og eit konsertopptak frå Hamburg i 1962 vart gjeven ut på Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962. Andre konsertopptak finst på albuma Live at the BBC og On Air - Live at the BBC Volume 2, i tillegg til i filmen Let It Be. The Beatles framførte òg songen i ein medley på det amerikanske TV-showet Shindig! i oktober 1964.

Medverkande

James Brown-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Kansas City
Singel av James Brown
B-side «Stone Fox»
Utgjeve 1967
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:59
Selskap King

6086

Låtskrivar(ar)
Produsent James Brown
James Brown-kronologi
«Bring It Up»

(1967)

Kansas City «Think»

(1967)


James Brown spelte inn ein versjon av «Kansas City» i 1967 og denne nådde 21. plassen på R&B-lista og 55. plassen på poplista.[15] Brown recorded live performances of the song for his albums Live at the Apollo, Volume II (1968) and Say It Live and Loud (1998; recorded 1968), and in his concert films James Brown: Man to Man and Live at the Boston Garden.This was also James Brown's first single to be reissued to Polydor Records.

Etter Brown sitt eige ynskje, song Marva Whitney «Kansas City» i gravferda hans i Augusta i Georgia i 2006.[16]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Kansas City» har blitt spelt av mange hundre andre artistar, som Bill Haley & His Comets på albumet Bill Haley and His Comets (1960), Brenda Lee frå All the Way (1961), Peggy Lee frå Blues Cross Country (1962) og Miss Peggy Lee Sings the Blues (1988), Ace Cannon spelte ein instrumental versjon i 1962 på debutalbumet Tuff Sax, Trini Lopez nådde 23. plassen på poplista med ein singel i 1963, Dion DiMucci på albumet Runaround Sue (1961), Jan & Dean frå Surf City And Other Swingin' Cities (1963), Jay and the Americans frå At the Cafe Wha? (1963), Fats Domino som singel (1964), Sammy Davis jr. frå Sammy Davis, Jr. Sings the Big Ones for Young Lovers (1964), The Everly Brothers frå Rock & Soul (1965), Tom Jones frå From the Heart (1966), Albert King frå Born Under A Bad Sign (1967), Muddy Waters frå Muddy «Mississippi» Waters – Live (1979) og Dean Reed frå albumet Rock'n'Roll Country Romantic"(1980). Ti versjonar av songen finst på albumet The Best of Kansas City frå 1994. I 1995 vart han inkludert i Smokey Joe's Cafe, ein musikal med songar av Leiber og Stoller. Grateful Dead spelte songen 28. oktober 1985, dagen etter Kansas City Royals vann den første Verdsserien sin.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2001 fekk Harrison sin versjon av «Kansas City» ein Grammy Hall of Fame Award,[17] og han er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[18] I 2005 erklærte Kansas City songen «Kansas City» som den offisielle songen sin.[19][20][21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. One author suggests that the 1927 blues song «Jim Jackson's Kansas City Blues» er ein «fjern slektning». Herzhaft, Gerard (1992). Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 456. ISBN 1-55728-252-8. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Leiber, Jerry; Stoller, Mike; Ritz, David (2009). Hound Dog: The Leiber and Stoller Autobiography. Simon & Schuster. s. 59. ISBN 978-1-4165-5938-2. 
  3. Marsh, Dave (1999). The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Da Capo Press. s. 125–127. ISBN 978-0-306-80901-9. 
  4. 4,0 4,1 Leiber & Stoller intervjua på Pop Chronicles (1969)
  5. 5,0 5,1 Little Richard – The Specialty Sessions – 8 Album Set (booklet). London: Ace Records Ltd. 1989. s. 29. ABOXLP 1 (set), ABOXBK1 (booklet). 
  6. [1]
  7. 7,0 7,1 White, Charles (1994). The Life and Times of Little Richard: The Quasar of Rock. Da Capo Press. s. 259. ISBN 0-306-80552-9. 
  8. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number 1 Hits. Billboard Books. s. 53. ISBN 978-0-8230-7677-2. 
  9. 9,0 9,1 Wilbert Harrison
  10. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 183. ISBN 0-89820-068-7. 
  11. Whitburn 1988, p. 600.
  12. Ask «Mr. Music» - October 24, 2011 - «The end of 78s, the beginning of the LP format»
  13. Kirkman, Paul (23 October 2012). Forgotten Tales of Kansas City. Forgotten Tales. Arcadia Publishing. ISBN 9781614237389. 
  14. Levings, Darryl (17 September 2014). «50 years ago: The Beatles played for 31 minutes in Kansas City». The Kansas City Star. http://www.kansascity.com/living/star-magazine/article2127287.html. 
  15. White, Cliff (1991). «Discography». In Star Time (pp. 54–59) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.
  16. Smith, R.J. (2012). The One: The Life and Music of James Brown, 379. New York: Gotham Books.
  17. «Grammy Hall of Fame Awards». The Recording Academy. 2001. Arkivert frå originalen den January 22, 2011. https://web.archive.org/web/20110122042616/http://www.grammy.org/recording-academy/awards/hall-of-fame. Henta June 25, 2011. 
  18. «500 Songs that Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen den April 22, 2007. https://web.archive.org/web/20070422235644/http://www.rockhall.com/exhibithighlights/500-songs-by-name-km/. Henta June 25, 2011. 
  19. Cole, Suzanne P.; Engle, Tim; Winkler, Eric (April 23, 2012), 50 things every Kansas Citian should know, http://www.kansascity.com/2012/04/19/3564081/50-things-every-kansas-citian.html, henta April 23, 2012 
  20. «12th Street and Vine, Kansas City - Google Maps». Maps.google.com. https://maps.google.com/maps?hl=en&q=1550%20E%2012th%20street%20kansas%20city&um=1&ie=UTF-8&sa=N&tab=wl. Henta 19. juli 2017. 
  21. «Plastic Sax: May 2010». Plasticsax.blogspot.com. http://plasticsax.blogspot.com/2010_05_01_archive.html. Henta 19. juli 2017.