Kanstadfjorden

Koordinatar: 68°24′48″N 15°51′54″E / 68.41333°N 15.86500°E / 68.41333; 15.86500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°24′48″N 15°51′54″E / 68.41333°N 15.86500°E / 68.41333; 15.86500 Kanstadfjorden er ein fjord i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 13 km nordover Kanstadbotnen.

Fjorden har innløp mellom Erikstadneset i vest og Nesodden i aust. Bygda Erikstad ligg på vestsida like innanfor innløpet. Like nord for Erikstad igjen går Erikstadfjorden nordaustover. Vestre og Austre Kanstad ligg på kvar si side av eit smalt sund lenger nord i fjorden. Her kryssar Riksveg 837 fjorden over den 160 meter lange Kanstadstraumen bru. Frå her går Innerfjorden vidare nordover til Kanstadbotnen.

E10 går langs heile austsida av fjorden, medan Rv837 går sørover frå brua på vestsida.