Kantonen Appenzell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Appenzell

1403–1597
 

Våpenet til Appenzell

Våpen

Hovudstad Appenzell
Styreform Ikkje spesifisert
Historie
 - opprør mot abbeden i St. Gallen 1403
 - assosiert medlem av Det gamle sveitsiske eidssambandet 1411
 - medlem av Det sveitsiske eidssambandet 1513
 - Oppdelt 1597

Appenzell var ein sveitsisk kanton som bestod frå 1513 til 1597.

Allereie i 1411, medan Appenzell framleis var underlagt fyrsteabbediet St. Gallen, hadde landskapet vorte eit assosiert medlem (zugewandter Orter) av Det gamle sveitsiske eidssambandet. 1429 vart Appenzell uavhengig av St. Gallen, 1507 riksumiddelbar og 1513 det 13. medlemmen av eidssambandet.

I løpet av motreformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to kantonar: det protestantiske Appenzell Ausserrhoden og det katolske Appenzell Innerrhoden. Fram til 1999 vart Appenzell Ausser- og Innerrhoden omtalt som «halvkantonar», men dette omgrepet er no stroke frå den sveitsiske grunnlova. Appenzell (eller Appenzellerland) nyttast framleis som samleomgrep på begge kantonane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]