Kantonen Fribourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fribourg
Tysk: Freiburg
Fransk: Fribourg
Italiensk: Friburgo
Retroromansk: Friburg
Wappen Freiburg matt.svg
Våpenet til Fribourg
Karte Lage Kanton Freiburg 2013.2.png
Kart som viser kor i Sveits Fribourg ligg.

Hovudstad Fribourg
Folketal 278 493 (2011)
Areal 1 670,7 km²
Folketettleik 167/km²
Forkorting FR
Kanton sidan 1481
Høgaste topp Vanil Noir (2389 moh)

Fribourg er ein kanton i det vestlege Sveits, på søraustsida av Neuchâtelsjøen. Kantonen har eit areal på 1 671 km2, og hadde 273 159 innbyggarar i 2009. Byen Fribourg er hovudstad i kantonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Høgste fjella i Fribourg; Dent de Brenleire til høgre, med Vanil Noir bakom
Kart over distrikta i Fribourg

Fribourg grensar til kantonane Bern i nord og aust, og Vaud i sør og vest. På motsett side av Neuchâtelsjøen ligg kantonen Neuchâtel. Fribourg har tre eksklavar i Vaud og ein i Bern, medan Bern har to enklavar i Fribourg.

Landskapet er ganske flatt i den vestlege delen av kantonen, medan det i aust stig opp og inn i Bern-Alpane. Neuchâtelsjøen på 429 moh er det lågastliggande punktet i kantonen, medan den 2 389 meter høge fjelltoppen Vanil Noir på grensa mot Vaud er det høgste punktet. Elva Saane renn frå sør til nord gjennom kantonen, ho samlar opp i seg størstedelen av nedbøren i kantonen. I nordvest grensar Moratsjøen opp mot kantonen.

Språk og samfunn[endre | endre wikiteksten]

16,7 % av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Fransk er det mest utbreidde talemålet i Fribourg, om lag to av tre er fransktalande. Resten talar ulike alemanniske dialektar. I kring 70 % av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja, og ei 15 % er protestantar.

Distrikt og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Fribourg består av 168 kommunar som er samanslutta i sju distrikt. Dei sju distrikta er; Broye, Glâne, Gruyère, Sarine, Lac, Sense og Veveyse.

Dei største byane er kantonshovudstaden Fribourg og Bulle.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kantonen Fribourg slutta seg til den sveitsiske konføderasjonen i 1481. Området består av land som hovudstaden Fribourg har skaffa seg. Dagens storleik/flatevidd vart nådd i 1803 då kommunen Murten vart lagt til kantonen, mot viljen til dei fleste innbyggarane på staden.

Kantonen Fribourg slutta seg i 1846 til separatististrørsla av katolske kantonar, det såkalla Sonderbund. Etter den sveitsiske borgarkrigen i 1847, overgav Fribourg sine troppar seg til den føderale hæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kantonen Fribourg


Kantonane i Sveits Det sveitsiske flagget
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich