Kantonen Glarus
| Glarus | |||
| Glaris, Glarona, Glaruna | |||
| kanton | |||
|
|||
| Forkorting: GL | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Glarus | ||
| Høgaste punkt | Tödi | ||
| • høgd | 3 614 moh. | ||
| Areal | 685,3 km² | ||
| Folketal | 42 056 (1. januar 2024)[1] | ||
| Kanton sidan | 1352 | ||
![]() Kantonen Glarus 46°59′00″N 9°04′00″E / 46.983333333333°N 9.0666666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Glarus | |||
Glarus[a] er ein kanton i det austlege Sveits. Kantonen dekker eit areal på 685,4 km2 og hadde 38 479 innbyggarar i 2009. Glarus grensar til kantonane St. Gallen, Graubünden, Uri og Schwyz. Kantonen har namn etter hovudstaden, Glarus.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]


Glarus er dominert av ein djup dal langs elva Linth, og den mindre dalen Sernftal i aust. Størstedelen av areal er rikt på fjell. Høgste toppane i Glarus-Alpane er Tödi på 3 614 meter over havet. Hausstock, 3 158 moh., og Glärnisch på 2 915 moh., er andre høge fjelltoppar. Lågastliggande punktet er 414 moh. Ein del av ei stor forkasting, som i 2008 av UNESCO vart innlemma som ein del av den geologiske verdsarven under namnet 'Glarner Hauptüberschiebung', ligg i Glarus. Innsjøen Walensjøen ligg for nordenden av kantonen.
Demografi og språk
[endre | endre wikiteksten]I kring 20% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 83,6% av innbyggarane talar tysk, av dialektvarianten høgalemannisk. 6,8% av innbyggarane har italiensk morsmål.
Religion
[endre | endre wikiteksten]- 44,0 % protestantisk
- 37,3 % romersk-katolsk
- 2,3 % ortodoks
- 6,5 % islam
- 3,5 % andre konfesjonar/ukjent
- 6,5 % konfesjonslause
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Glarus består sidan 2011 av tre kommunar; Glarus, Glarus Nord og Glarus Süd. Fram til 2010 var kantonen delt opp i 25 kommunar.
Glarus var eit av de «åtte gamle stadene», dvs. ein av de åtte kantonane som slutta seg til det opphavlege sveitsiske eidsforbundet innan 1353.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Religion har spela ei avgjerande rolle Glarus si soge. På 500-talet vart innbyggarane i Linthdalen, dagens Glarus, kristna av den irske munken Sankt Fridolin. St. Fridolin grunnla klosteret i Säckingen, tett vest for Basel. Klosteret eigde området kring Glarus fram til 1288, då habsburgarane erobra området bit for bit. Dette førte til at Glarus i 1352 gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet.
Mellom 1506 og 1516 var reformatoren Huldrych Zwingli prest i Glarus. Læra hans døydde ut då alle tilhengarane hans i området vart drepne i 1564. Striden mellom protestantar og katolikkar i området heldt likevel fram. For å skape fred i området, vart det i 1623 avtala at begge sider i striden skulle ha kvar si folkeforsamling (Landsgemeinde). År 1683 vart det vedteke at kvar trusretning skulle ha sine eigne domstolar.
Etter Frankrike sigra ved Wollerau i år 1798, vart Glarus ein del av kantonen Linth. Allereie fem år seinare vann Glarus tilbake sjølvstendet. I 1836 vart grunnlova for kantonen endra. Ein vedtok då at kantonen skulle ha ei felles folkeforsamling.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ fransk: Glaris, italiensk: Glarona, retoromansk: Glaruna, latin: Glaris
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master; vitjingsdato: 14. januar 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Glarus» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2011.

