Kantonen Schwyz
| Schwyz | |||
| Shwytz, Svitto, Sviz | |||
| kanton | |||
|
|||
| Forkorting: SZ | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Schwyz | ||
| Høgaste punkt | Bös Fulen | ||
| • høgd | 2 802 moh. | ||
| Areal | 907,88 km² | ||
| Folketal | 167 403 (1. januar 2024)[1] | ||
| Kanton sidan | 1291 | ||
| Språk | tysk | ||
![]() Kantonen Schwyz 47°04′00″N 8°45′00″E / 47.066666666667°N 8.75°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Schwyz | |||
Schwyz er ein kanton i det sentrale Sveits. Han har eit areal på 908 km² og hadde 160 000 innbyggarar i 2018. Byen Schwyz er hovudstad i kantonen.
Schwyz er ein av dei tre urkantonane som har vore med i det sveitsiske eidsforbundet sidan landet vart danna i 1291. Både namnet og flagget til Sveits stammar frå denne kantonen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Schwyz grensar i nord mot kantonane Zug og Zürich, i nordaust mot St. Gallen, i aust mot Glarus, i sør mot Uri og i vest mot Luzern. Delar av Vierwaldstättersjøen, Zugsjøen og Zürichsjøen ligg i kantonen.
Landskapet er meir prega av åsar enn fjell. Om lag tre fjerdedelar er produktive landområde, 26% av flatevidda er skogdekt. Høgste fjellet, Bös Fulen på 2 802 moh, ligg på grensa mot Glarus.
Språk og samfunnn
[endre | endre wikiteksten]Skriftspråket i Schwyz er tysk, talemålet høyrer til den sveitsartyske dialekta. 17,2% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Om lag 72% av folket er romersk-katolske, medan 13% soknar til protestantismen.
Distrikt og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Schwyz består av 6 distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 30 kommunar. Dei seks distrikta er: Einsiedeln, Gersau, Höfe, Küssnacht, March og Schwyz.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Germanarar vandra inn i området for om lag 1 400 år sidan. Desse var ganske snart omvende til kristen tru. I det 10. hundreåret hadde klosteret i Einsiedeln utvida si makt over heile det omkringliggande landområdet. Handelen over Gotthardpasset var då ein viktig økonomisk faktor i Schwyz.
Den 1. august i 1291 slutta Schwyz seg, saman med kantonane Uri og Unterwalden, til Rütiavtalen, noko som vert rekna for grunnlegginga av Sveits. Schwyz hadde til 1320 ei leiande rolle i samanslutninga, og ei forvansking av namnet på kantonen vart i 1803 namnet på konføderasjonen Sveits. Det sveitsiske flagget er identisk med flagget til Schwyz.
Schwyz sette seg mot reformasjonen. I slaget ved Kappel i 1531 sigra Schwyz-hæren over hæren til reformasjonsleiaren Huldrych Zwingli. Zwingli sjølv var ein av dei som fall i slaget.
Mellom 1798 og 1803 var Schwyz med i republikken Helvetia, danna av Napoleon. I 1845 gjekk kantonen saman med dei andre katolske kantonane i eit Sonderbund, ein utbrytar frå den sveitsiske konføderasjonen. Etter ein kort borgarkrig hausten 1847 vart separatistkantonane slegne, og i 1848 var Schwyz ein av kantonane som gjekk med i den nydanna føderalstaten.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Siebnen i nordaustre Schwyz.
- Landskap ved Sihlsee og Einsiedeln i norddelen av Schwyz.
- Utsyn mot nord frå Ibergeregg i det sentrale Schwyz.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master; vitjingsdato: 14. januar 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Schwyz» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2011.

