Kanurifolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kanurikvinner frå Dikwa-emieratet fotografert ca. 1955.

Kanurifolk er ei folkegruppe frå området kring Tsjadsjøen i delstaten Borno nordaust i Nigeria og i tilstøytande delar av Niger, Tsjad og Kamerun. Kanurifolka var den viktigaste gruppa i det historiske kongedømet Bornu. Språket deira er kanuri, eit nilo-saharisk språk.

To bilde frå ein kanurimarknad.

Det finst rundt 5 millionar kanurifolk. Dei fleste av dei bur i Nigeria, der det blei estimert at det fanst rundt 4,8 millionar i 2005.

Dei fleste kanurifolk er sunnimuslimar, og konverterte på 1100-talet.

Kanuriane har tradisjonelt vore fastbuande, til forskjell frå nomadisk nabofolk som toubou og zaghawa. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk. Dei dyrkar gjerne hirse og durra for eige bruk og jordnøtter og bomull til eksport. Dei har også tradisjon for å fiska i området ved Tsjadsjøen, vunne ut salt og drive handel.[1]

Den viktigaste kanuribyen er Maiduguri. Her har den tradisjonelle herskaren for folket, shehuen eller emiren av Borno, sete.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Decalo, Samuel (1997). Historical Dictionary of the Niger (3rd ed.). Boston & Folkestone: Scarecrow Press. ISBN 0-8108-3136-8. :pp.69, 178, 206 Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  • «Kanuri». Store norske leksikon. Henta 20 augusti 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kanurifolk