Kaperskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kaperbåt)
Den franske kaperbåten «Bellone» tek det britiske handelsskipet «Lord Nelson» i 1803. Måleri frå 1872 av Auguste Mayer.

Kaperbåt eller kaperskip er ein privat, væpna farkost som driv sjørøveri med tillating frå si eiga regjering eller på oppdrag frå si eiga regjering, såkalla kaperfart.[1] Kaperbåtane var av veldig varierande storleik, frå 2 ½ til 50 lester. Bestykninga kunne variere frå ein til ti kanonar.

Kaperskip ved norskekysten[endre | endre wikiteksten]

Under den store nordiske krigen (1709‒1720) der Danmark-Norge kjempa mot Sverige nytta begge partane kaperskip. I 1711 rusta ein ut fleire kaperskip i Fredrikstad, Drammen og Bergen. Særleg i Bergen blei det rusta ut fleire skip som var større og betre væpna. Dei største skipa hadde mannskap på 100-150 mann om bord, medan dei minste hadde 40‒50.[1]

I Noreg spelte kapertrafikken også ei stor rolle under krigen mot England frå 1807 til 1814, spesielt på Sørlandskysten. Ca. 70 kaperbåtar vart utrusta i Kristiansand. 450 skip vart kapra og tekne inn til Noreg i krigsåra, 300 av dei vart førte til Kristiansand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ola Teige, «Kaperfarten i Norge under den store nordiske krig - Norgeshistorie», www.norgeshistorie.no (på norsk), henta 7. oktober 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]