Kapfenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kapfenberg

Kapfenberg er ein by og ein kommune i distriktet Bruck-Mürzzuschlag i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 82 km² og i kring 23 000 ibuarar. Byen ligg ved elva Mürz i Mürztal, 502 meter over havet.

Framstilling av metall har vore ei viktig næring for byen, i det minste sidan 1400-talet. I 1894 starta to brør Böhler å produsere metall av ein kvalitet som oppnådde verdsry, særleg galdt det stål. I dag heiter selskapet Böhler-Uddeholm og er den viktigaste arbeidsgjevaren i området.

I 1970 var Kapfenberg vertskap for europameisterskapen i sjakk for lag, ei turnering Sovjetunionen vann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]