Kapp Billings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Kapp Billings.

Kapp Billings, russisk Мыс Биллингса; Mys Billingsa) er eit nes på nordkysten av Tsjukotka i Russland. Området rundt Kapp Billings er fylt med smale landtunger, sandbankar, myrområde og ei rekkje lagunar.

Kapp Billings er det geografiske landemerke som skil Aust-Sibir-havet frå Tsjuktsjarhavet. DeLong-sundet ligg nord for neset.

Neset er kalla opp etter den britiske kapteinen Joseph Billings (1758—1806) som tente i den russiske marinen under tsarina Katarina II av Russland si regjeringstid.

Ein tsjuktsjisk bustnad kalla Gytkhelen ligg nær Kapp Billings.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]