Kapp Farvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapp Farvel og andre ytterpunkt på Grønland

Kapp Farvel (grønlandsk Nunap Isua) på 59° 46′ 28″ nordleg breidd går for å vere det sørlegaste punktet på Grønland. Det ligg på Eggersøya (Itivdleq) sør for det grøndlandske fastlandet. Mellom Eggersøya og fastlandet går sundet og skipsleia Prins Christian Sund. Sør for Eggersøya ligg nokre små namnlause holmar, den sørlegaste og største 2,1 km sør for Kapp Farvel. Det sørlegaste punktet på Grønland ligg såleis på 59° 44′ 48″ Nord. Her på sørspissen av Grønland grensar Labradorhavet i vest mot Irmingerhavet i aust. Sørover breier den opne Nord-Atlanteren seg.

I periodar av året fyl mykje drivis Austgrønlandstraumen vestover forbi Kapp Farvel. Skipstrafikken frå Europa til Vest-Grønland går difor ofte ei 100 nautiske mil og meir sør for Kapp Farvel, for å unngå å kome inn i drivisbeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]