Kapp Kanin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kapp Kanin (russisk Ка́нин Нос, Kanin Nos) er det nordlegaste punktet på Kaninhalvøya i Russland. Det ligg ytterst på eit langt nes som stikk ut mot nordvest, mellom Barentshavet i nord og Kvitsjøen i sør. Grensa mellom dei to hava vert vanlegvis rekna å gå mellom Kapp Kanin i aust og Svjatoj Nos på Kolahalvøya i vest.

Klimaet er arktisk og vegetasjonen består i regelen av tundra. På Kapp Kanin ligg eit fyrtårn, ein vêrstasjon, og eit radiofyr for sjø- og luftfart. Det vert drive noko reindrift i området. Kysten ved Kapp Kanin er bratte skrentar på 15-27 meters høgde, og det går sterke havstraumar rundt neset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]