Kapp Tsjeljuskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Kapp Tsjeljuskin nord på Tajmyrhalvøya.

Kapp Tsjeljuskin (russisk мыс Челюскина eller mys Tsjeljuskija) er det nordlegaste punktet på det eurasiatiske kontinentet og ligg 1370 km frå Nordpolen ved 77°44′N 104°15′EKoordinatar: 77°44′N 104°15′E. Det ligg ytst på Tajmyrhalvøya, sør for øygruppa Severnaja Zemlja i Krasnojarsk kraj i Russland. Det vart først kalla Kapp Aust-nord, men vart gjeve nytt namn i 1842 til ære for Semjon Tsjeljuskin som sklidra området under ein ekspedisjon i mai 1742.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1919 segla Roald Amundsen med skipet «Maud» forbi Kapp Tsjeljuskin og let to menn, Peter Tessem og Paul Knutsen, vere att etter at ekspedisjonen hadde overvintra der. «Maud» heldt fram austover Laptevhavet og mennene vart fortalt å vente her til Karahavet fraus til og så nytte kjelke sørvestover mot Dikson med brev frå Amundsen. Dei to mennene forsvann derimot utan spor og vart aldri funne igjen. I 1922 bad den norske regjeringa ein sovjetisk ekspedisjon leia av Nikifor Begitsjev om å leite etter Peter Tessem og Paul Knutsen, men dei fann dei ikkje.

Ein vêrstasjon og ein hydrologisk forskingbase kalla Polarstasjonen Kapp Tsjeljuskin vart bygd i 1932 og styrt av Ivan Papanin. Han vart gjeve namnet «E. K. Fjodorov Hydrometeorologiske Observatorium» i 1983.

På neset ligg den nordlegaste flystripa i Eurasia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 77°44′N 104°15′E{{#coordinates:}}: kan ikke har mer enn én primærtagg per side