Kapp Verdehalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapp Verdehalvøya
halvøy
Land  Senegal
Kart
Kapp Verdehalvøya
14°44′41″N 17°31′13″W / 14.744722222222°N 17.520277777778°W / 14.744722222222; -17.520277777778
Wikimedia Commons: Cap-Vert

Kapp Verdehalvøya (fransk Cap Vert) er ei halvøy i Vest-Afrika som dannar det vestlegaste punktet på det afrikanske fastlandet.[1] Halvøya er ein klipperikt odde som strekker seg utover frå det sandrike landet i Senegal. Ho har form som ein trekant med sidelengder på omlag 15 km.

Halvøya blei kalla «Cabo Verde» ('Det grøne kappet') av portugisiske oppdagingsreisande kalla, og har gjeve namn til øygruppa Kapp Verde, som ligg kring 560 km mot vest i Atlanterhavet. Det vestlegaste punktet på halvøya ligg i søraust og blir kalla Pointe des Almadies.[1]

Hovudstaden i Senegal, Dakar, ligg ved sørspissen av Cap Vert, der det ligg ei god naturleg hamn. På nordsida ligg Dakar lufthamn, Léopold Sédar Senghor International Airport, som spelte ei viktig rolle som mellomlandingsplass for amerikanske fly under andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Askheim, Svein (7. november 2021). «Kapp Verdehalvøya». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kapp Verdehalvøya