Kapp Zjelanija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart som viser Kapp Zjelanija.

Kapp Zjelanija (russisk Мыс Желания eller Mys Zjelanija) er eit nes heilt nord på øya SevernyNovaja Zemlja, like i nærleiken av det austlegaste punktet i Europa. Området er aude og særs utsett for den kalde polarvinteren.

Kapp Zjelanija er eit viktig geografisk landemerke. Det låg ein sovjetisk polarstasjon her under den andre verdskrigen som vart bombardert av den tyske Kriegsmarine under Operasjon Wunderland. Han vart ein hemmeleg teststasjon under den kalde krigen og det vart utført mange atomprøvesprengingar her, inkludert 88 atmosfæriske. Det låg ein vêrstasjon her fram til 1994.[1][2]

Neset vert rekna som skiljet mellom Barentshavet og Karahavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i teksten: