Kappklippehoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kappklippehoppar
Kappklippehoppar Foto: Logan Kahle
Kappklippehoppar
Foto: Logan Kahle
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Chaetops Chaetopidae
Slekt: Klippehopparar Chaetops
Art: Kappklippehoppar C. frenatus
Vitskapleg namn
Chaetops frenatus

Kappklippehoppar (Chaetops frenatus) er ein nær gråtraststor insektetande sporvefugl som er endemisk for fjellområde med fynbos-vegetasjon i sørlegaste Sør-Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Foto: Matthew Wridgway

Kappklippehopparen er 23-25 ​​cm i kroppslengd, inkludert ein lang svart hale, og han har kraftige bein. Hannar har svart og gråstripa overside av hovud, nakke og rygg, vengene er i hovudsak svarte, og heile undersida og overgumpen er kastanjefarga. Dei har ei tynn, uklår, kvit augebrynstripe, supercilium, og ein brei kvit mustasje mot eit svart strupeområde. Iris er oransje til raud. Hofuglar er totalt sett bleikare i fargene, dei manglar svart strupe, og vengene er meir brunlege.[1]

Dette er ein bakkelevande art som beitar på steina grunn og i steinur. Dei sit ofte oppe på ein stein.

Hekkebiologien er kjent som særeigen ved at paret lever monogamt i store territorium på 40-110 dekar, men i tillegg bidreg òg eit eller to individ som hjelparar under hekkinga. Bidraga inkluderer vanlegvis alarmering og vern av territorium, og fôring av ungar. Hoene hjelper òg med å byggje reir og å ruge.[2] Kullet er på to egg, rugetida er ca. 20 dagar, og ungane har i tillegg ein reirperiode på ca. 20 dagar. Etter det kan ungar flyge etter 5 til 10 dagar.[1]

Den nært nærskylde drakensbergklippehoppar, Chaetops aurantius, overlappar ikkje i utbreiingsområde. Hannar av den arten har oransje underside. Dei to artane utgjer tilsaman sin eigen biologiske familie Chaetopidae.

Populasjonen er estimert til ca. 33-60 000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt nær truga.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Collar, N., Robson, C. & Sharpe, C.J. (2018) Cape Rockjumper (Chaetops frenatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 28. januar 2018
  2. Richard T. Holmes, Bernhard D. Frauenknecht, Morné A. Du Plessis, Breeding system of the Cape rockjumper, a South African fynbos endemic, The Condor 104(1):188-192. 2002 https://doi.org/10.1650/0010-5422(2002)104[0188:BSOTCR]2.0.CO;2
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Chaetops frenatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. januar 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kappklippehoppar