Kappsukkerfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kappsukkerfugl
Kappsukkerfugl Foto: Lip Kee
Kappsukkerfugl
Foto: Lip Kee
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Solfuglar Nectariniidae
Slekt: Promerops
Art: Kappsukkerfugl P. cafer
Vitskapleg namn
Promerops cafer

Kappsukkerfugl (Promerops cafer) er ein av dei seks fuglearter som er endemiske til fynbos-biomet i Western Cape og Eastern Cape-provinsane i Sør-Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kappsukkerfugl
Foto: Alan Manson

Kappsukkerfugl er ein grå og brun fugl som er kjenneleg av dei særs lange halefjørene hos hannar spesielt. Hannar er 31-44 centimeter i kroppslengd, og hoa, med kortare nebb og hale, er 25-29 cm lang. Oversida er brun, undersida skittenkvit med svarte striper, gumpen er grøngul og nokre underdekkarar av halefjører er gule.[1]

Eit anna karakteristisk trekk for kappsukkerfuglar er lyden han gjer når han flyg under paringsspel. Dei viktigaste flygefjørene er arrangert på ein slik måte at når fuglen slår vengene sine, vert det laga 'frrt-frrt-frrt'-lydar med det føremålet å tiltrekkje seg make.[1]

Kappsukkerfuglat er utbreidde gjennom chaparral i Sør-Afrika og Cape floraregion der det er blomstrande plantar av slekta Protea i Proteaceae, klokkelyngslekta Erica og andre. Det finst òg i hagar om sommaren når dei fleste Protea ikkje er i blome.[2]

Dette er spesialiserte nektaretarar. Det lange, tynne nebbet er tilpassa å nå nektar av ei rekkje protea-sortar med den lange børstetunga. Om hovuddietten er nektar, kan dei likevel òg ete edderkoppar og insekt. Dei karakteristiske sterke vindane i Kapp-provinsen kan gjere det vanskeleg å beite, men kappsukkerfuglar har tilpassa seg dette med utviklinga av skarpe klør.[2]

Hekkesesongen for kappsukkerfuglar er om vinteren når tilgangen på føde er rikeleg.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Robert A Cheke; Clive F Mann, A guide to the sunbirds, flowerpeckers, spiderhunters, and sugarbirds of the world, New Haven, Conn. : Yale University Press, 2001, ISBN-10: 0300089406
  2. 2,0 2,1 2,2 Ian Sinclair; Phil Hockey & Warwick R. Tarboton (2002). SASOL Birds of Southern Africa. Struik Publishers. ISBN 1-86872-721-1. 
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Promerops cafer Arkivert 2016-06-22 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. februar 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kappsukkerfugl