Kappsvarttjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kappsvarttjeld
Kappsvarttjeld Foto: Dane Paijmans
Kappsvarttjeld
Foto: Dane Paijmans
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kappsvarttjeld
Utbreiinga av Kappsvarttjeld
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Tjeldfamilien Haematopodidae
Slekt: Tjeldfamilien Haematopus
Art: Kappsvarttjeld H. moquini
Vitskapleg namn
Haematopus moquini

Kappsvarttjeld (Haematopus moquini) er ein stor karismatisk vadefugl i tjeldfamilien med leveområde på fastlandkysten og på øyane i Sør-Afrika. Arten har ein populasjon på over 6000 vaksne individ, og hekkar mellom september og april. Det vitskaplege namnet moquini er etter den franske naturforskaren Alfred Moquin-Tandon som oppdaga og gav namn på denne arten.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kappsvarttjeld er ein stor, støyande vadar, med heilt svart fjørdrakt, raude bein, raude auge og eit kraftig raudt nebb. Han er 42 til 45 centimeter i kroppslengd, og veg 580 til 800 gram.[1] Kjønna har lik utsjånad, men hoene er større og har eit litt lengre nebb enn hannar. Juvenilar har mjukgrå fjørdrakt og syner ikkje dei karakteristiske raude beina og nebba før fjørdrakta er utvikla. I andre leveåret er ungfuglar omtrent som vaksne i utsjånad. Lætet er ei karakteristisk høg piping, veldig lik lætet av arten tjeld.

Kappsvarttjeld har naturleg utbreiing langs fastlandkysten av Sør-Afrika og på øyane utanfor, nokon gonger som ein streiffugl nord til Angola og Mosambik. Hekkeområdet strekkjer seg frå Lüderitz i Namibia til Mazeppa Bay, Eastern Cape, Sør-Afrika.

Som typisk standfuglar vil kapptjelden sjeldan forlate territoria sine, som inkluderer ein reirplass og eit beiteområde. Dette er vanlegvis på eller i nærleiken av steina kystar der dei kan beite.

Kappsvarttjeld beitar hovudsakleg på blautdyr som blåskjel og albogeskjel, sjølv om det er kjent å òg beite på havbørsteormar og insekt. Dei er tilpassa å trenge inn i eller opne blåskjel og losne albogeskjel frå berg, men har vore registrerte å stikke nebbet gjennom sand for å finne anna føde.

Reiret er ei lita grop på småstein, sand eller singel innanfor ca. 30 meter av høgvassmerket. På klippehyller kan det vere bygd ein kant av skjel for å halde egga på plass. Hoa legg vanlegvis to egg, men det kan vere eitt eller tre i kullet, som rugast av begge vaksne. Hekkesperioden varierer mellom 27 og 39 dagar, og ungane treng ytterlegare 38 dagar før dei er flygedyktige og sjølvstendige. Hekkesuksess er betre på øyar der det er få rovdyr og mindre uro enn på fastlandsområde.

Levetida til kappsvarttjeldar kan bli meir enn 18 år. Sjølv om vaksne fuglar sjeldan er utsette for predasjon, er dei fleste hekkestadene på fastlandet offer for uro frå menneske, terrengkøyretøy, hundeåtak og predasjon av taremåse (Larus dominicanus) og andre fuglar. På øyane skjer liknande predasjon av fuglar, sjølv om fleste tap av ungar skuldast matmangel.

Populasjonen er estimert til over 6600 vaksne fuglar totalt (2014). Arten vart vurdert som nær truga av IUCN fram til 2016, men etter det er han rekna som livskraftig, LC, med aukande populasjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Hockey, P. & Kirwan, G.M. (2018) African Oystercatcher (Haematopus moquini) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. mars 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Haematopus moquini. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. mars 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kappsvarttjeld