Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse
Kaptein Sabeltann Grusomme Gabriels forbannelse | |||
Utviklar(ar) | ArtPlant | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Norsk spilldistribusjon | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows | ||
Utgjeving | NO: 23. november 2007 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
←Dataspelet Kaptein Sabeltann · |
Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlant til Microsoft Windows. Det er ein oppfølgjar til PC-spelet Kaptein Sabeltann frå 2004 og vart utgjeve i Noreg den 23. november 2007.[1]
Spelet byggjer vidare på spelemekanikkene frå forgjengaren og introduserer nye figurar frå Sabeltann-universet, som heksa Miriam, Greven av Gral og Maga Kahn.[2] Spelaren styrer den unge sjørøvaren Pinky med piltastane og bruker mellomromstasten for å samhandle med omgjevnadene i spelet. Målsettinga er å oppheve ein forbannelse forårsaka av sjøspøkelset Grusomme Gabriel.
Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse vart nominert til «Årets norskspråklege spel» og «Årets barnespel» under prisutdelinga Gullstikka 2008.[3] Det tok prisen for «Beste nordiske barnespel» under Nordic Game Awards i 2008.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «På nye tokt med Kaptein Sabeltann». Dagbladet. 22. november 2007. Henta 5. mars 2020.
- ↑ «Eventyrlig opplevelse». VG. 11. desember 2007. Henta 5. mars 2020.
- ↑ «Her er Gullstikka-vinnerne». Gamer.no. 6. mars 2008. Henta 5. mars 2020.
- ↑ «Prisdryss til Kaptein Sabeltann». Adressa. 18. mai 2008. Henta 5. mars 2020.[daud lenkje]